Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Den store akselerasjonen

Perioden frå rundt 1950 og fram til i dag blir kalla den store akselerasjonen fordi mange ulike faktorar har forandra seg i løpet av perioden. Vi skal no sjå nærare på kva dette eigentleg betyr.

Store endringar etter den industrielle revolusjonen

Sidan rundt 1950 har mange faktorar i samfunnet forandra seg, og påverknaden på naturen har vore stor. Befolkningstalet har mangedobla seg, bilar har blitt allemannseige, og internett finst over heile verda. Påverknaden på natur gjennom klimagassutslepp, tap av den tropiske regnskogen og storleiken på påbygde landområde har blitt større. Dessutan blir det forska meir enn nokon gong. Vitskap ligg til grunn for teknologien som øydelegg naturen. Samtidig hjelper vitskapen oss til å forstå korleis naturen fungerer, og korleis vi kan rette opp feila våre.

Denne utviklinga kan sporast tilbake til den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet, men i løpet av 1900- og 2000-talet har farten på utviklinga berre auka og auka. Denne ekstreme forvandlinga av verda er noko av bakgrunnen for at fleire meiner vi er inne i ein ny geologisk tidsepoke: antropocen – mennesket sin tidsalder.

Den store akselerasjonen

Omgrepet den store akselerasjonen blir brukt fordi vi har sett ei akselerering i utviklinga av mange ulike faktorar. Når noko akselererer, aukar farten. Det har altså ikkje berre vore ein auke på mange område, men sjølve veksten har òg auka. Då seier vi at det har gått føre seg ein akselerasjon.

Viss eit geografisk område har hatt ein befolkningsvekst på 1 million eit år, har det ikkje berre blitt 1 million fleire menneske året etter, men kanskje 1,5 millionar. Då har ikkje området berre ein befolkningsvekst, men ein akselererande befolkningsvekst. Under ser du døme på ulike faktorar som både har auka og akselerert i omfang i løpet av perioden frå rundt år 1950.

Døme

Her er eit utval av ulike grafar som viser ein stor vekst i perioden frå rundt 1950.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Forklaring av grafane

Grafane over tek for seg ulike fenomen. Dei ulike fenomena er global kjøttproduksjon mellom 1961 og 2020, produksjon av palmeolje mellom 1961 og 2019, befolkninga i verda mellom 1800 og 2023, globalt ferskvassforbruk mellom 1901 og 2014, det samla bruttonasjonalproduktet i verda mellom 1820 og 2018, andel av befolkninga i verda som bruker internett, mellom 1990 og 2020 og CO2-utslepp frå fossilt brensel mellom 1750 og 2021.

Sjølv om ikkje alle grafane dekker det same tidsrommet, viser dei alle ein tydeleg tendens. Det er stor vekst, og ein aukande vekst, altså ein akselerasjon. Denne akselerasjonen er spesielt tydeleg frå rundt 1950 for dei fleste grafane, mens veksten minkar eller kanskje til og med blir negativ frå rundt 2020.

Tenk over

  • Har akselerasjonen stoppa for nokon av desse grafane, og eventuelt når var det?

  • Er det mange andre ting som ikkje har auka mykje i perioden?

  • Er det rett å kalle perioden for den store akselerasjonen?

Test deg sjølv

Relatert innhald

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 19.06.2026