Casar om kroppspress - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Casar om kroppspress

Kvifor oppstår kroppspress, og kva kan vi gjere med det? Diskuter korleis de kan hjelpe vener som slit med kroppspress og reflekter over påverknaden frå sosiale medium.

Oppgåve 1. Casar om kroppspress

Korleis kan du hjelpe ein ven eller ei venninne som slit med kroppspress? Sit i grupper og trykk på symbola under etter tur.

Den som har bursdag først, startar med å svare på det første spørsmålet. Så diskuterer de spørsmålet i fellesskap før de held fram.

Oppgåve 2. Kroppspress og sosiale medium

Arbeid individuelt

Gå kort gjennom bruken din av sosiale medium den siste veka. Sjå etter kor mange bilete eller videoar du finn som fokuserer på kropp.

  1. Får du mange reklamar som fokuserer på kropp? Gi døme.

  2. Sender du og venene dine kvarandre bilete som fokuserer på kropp? Kvifor/kvifor ikkje?

  3. Søkjer du opp eller følgjer du mange sider som på ulike måtar fokuserer på kropp? Gi døme.

  4. Reflekter over måten du bruker sosiale medium på. Skaper bruken din meir eller mindre kroppspress? Grunngi svaret.

Diskuter i grupper

  1. Korleis kan sosiale medium skape kroppspress?

  2. Korleis kan sosiale medium bidra til å dempe kroppspress?

  3. Kva kan de sjølv gjere for å dempe kroppspresset på sosiale medium?

  4. Kva kan samfunnet gjere for å dempe kroppspresset på sosiale medium?

Skrive av Stine Kühle-Hansen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022