Sosial sårbarheit og ekstremvêr

Sosial sårbarheit
Sosial sårbarheit går ut på at ulike område eller grupper av menneske er meir sårbare enn andre på grunn av sosiale faktorar. Det handlar ikkje om å bu i rasutsette område, men at mange er fattige eller har dårleg helse.
I Noreg vil eldre vere meir sårbare under ein flaum fordi dei ofte er mindre mobile, mens fattige land og område i verda er meir sårbare for klimaendringar fordi dei i mindre grad har høve til å beskytte seg eller flytte. Den sosiale sårbarheita er altså større der enn i Noreg.
Samfunnet kan gjere tiltak for at den sosiale sårbarheita skal bli mindre. God informasjon, beredskapsplanar og tilpassa bustader kan gjere område med mange eldre mindre sårbare. I område med låg levestandard vil den sosiale sårbarheita auke dersom folk får betre levekår, tryggare infrastruktur og betre helsehjelp.
Sosial sårbarheit handlar altså om kor godt rusta samfunnet er i møte med til dømes ekstremvêr.
Under er det bilete frå Haiti og Chile. Begge landa vart ramma av jordskjelv i 2010. Sjølv om skjelvet i Chile var kraftigare, døydde det rundt 500 personar i Chile, mens rundt 300 000 menneske døydde i Haiti. Det er fordi det er ein mykje høgare grad av sosial sårbarheit i Haiti.
Kva er ein naturkatastrofe?
Det er lett å tenke at naturkatastrofar først og fremst handlar om kor sterk vinden er, kor stor flaumen er, eller kor kraftig jordskjelvet er. Men når vi snakkar om naturkatastrofar, handlar det kanskje først og fremst om kor hardt samfunnet blir ramma.
Eit jordskjelv eller ein orkan som rammar område utan menneske, blir sjeldan omtalt, og i alle fall ikkje som ein naturkatastrofe. Men viss ei tilsvarande naturhending rammar eit samfunn og øydelegg menneskelege verdiar eller tek menneskeliv, kallar vi det ein naturkatastrofe. Sosial sårbarheit er derfor avgjerande for kor kraftig ein naturkatastrofe blir.
I eit område med låg sosial sårbarheit er det mindre sjanse for at ei farleg naturhending blir ein naturkatastrofe, enn i eit område med høg sosial sårbarheit.
Variasjonar i sosial sårbarheit
Det kan vere store forskjellar i sosial sårbarheit, både i eit land og mellom ulike land. Det kan til og med vere ganske store forskjellar på sosial sårbarheit internt i ein by.

Faktorar som påverkar sårbarheita
Fleire faktorar avgjer graden av sosial sårbarheit. Dette er nokre viktige faktorar:
- Økonomi
- Viss staten, kommunen og privatpersonane har god økonomi, har dei større høve til å førebygge før og dekke skadekostnadene etter ei naturhending.
- Utdanningsnivå
- Høgt utdanna menneske har gjerne tryggare jobbar og er lite utsette for farar i jobben.
- Infrastruktur
- Viss eit område er knytt til det nasjonale nettverket med berre éin veg eller éi kraftlinje, er sårbarheita høgare.
- Byggekvalitet
- Gamle og dårlege bygningar fører til høgare sårbarheit, sidan dei toler mindre.
- Likestilling
- I område med lite likestilling er ofte kvinner meir sårbare fordi dei er økonomisk avhengige av mennene og har mindre høve til å bevege seg raskt frå eit område.
- Andelen av eldre
- Eldre er mindre mobile og har ofte helseproblem. I eit område med mange eldre er den sosiale sårbarheita derfor høgare.
- Andelen av barn
- For barn er det òg vanskeleg å komme seg raskt vekk frå ei farleg hending.
Når forskarar skal vurdere den sosiale sårbarheita, ser dei på faktorane ovanfor, og gjerne òg fleire faktorar, for å avgjere kor sårbare ulike område og samfunn er.
Forskjellar internt i land
Noreg er eit godt utvikla land med relativt låg sosial sårbarheit. Likevel er det forskjellar internt i Noreg, og nokre område har høgare sosial sårbarheit enn andre. Det er forskjellar både mellom ulike regionar, mellom kommunar og internt i kommunar. Likevel er den sosiale sårbarheita i Noreg veldig låg samanlikna med andre område i verda.
Refleksjon
På bileta nedanfor får du treffe tre ulike familiar i Brasil og sjå kjøkkenet deira. Som du ser, kan det vere ganske store forskjellar internt i eit land. Kva for ein av desse familiane trur du har høgast og lågast sosial sårbarheit?
Sosial sårbarheit og klima
Når klimaet endrar seg, må vi menneske tilpasse oss. Vi må få ned klimagassutsleppa, men vi må òg tilpasse oss dei endringane som allereie har skjedd eller sannsynlegvis kjem til å skje. Klimaendringane aukar sjansen for ulike naturhendingar ulike stader: tørke, flaum, orkan, hetebølger og så vidare.
Klimatilpassing og sårbarheit
Klimatilpassing er det vi gjer for å tilpasse samfunnet til dei klimaendringane som har skjedd eller er i ferd med å skje. Eit godt utvikla samfunn med høg utdanning, god infrastruktur og ikkje minst god økonomi kan tilpasse seg klimaet ganske godt.
I Noreg har vi dei siste åra flaumsikra mange elver, noko vi har høve til fordi vi er eit godt utvikla samfunn med god økonomi. I område der den sosiale sårbarheita er høgare, vil klimatilpassing vere mykje vanskelegare både for enkeltfamiliar og for samfunnet samla sett.
Ekstremvêr og sårbarheit
Som følge av klimaendringane vil ulike område bli ramma av ulike natur- og vêrhendingar oftare og/eller kraftigare. Dette blir raskt omtalt som ekstremvêr, og det kan skape naturkatastrofar.
Kor hardt desse hendingane rammar samfunnet, handlar om kor kraftig natur- eller vêrhendinga er. Men den kanskje mest avgjerande faktoren er om området som blir ramma, har høg grad av sosial sårbarheit.
Test deg sjølv
Relatert innhald
Her får du innblikk i ein familie i eit anna land, og du skal vurdere kor sårbar denne familien er i møte med klimaendringar og naturkatastrofar.







