Oppgave
Berekraftig kosthald – kva er viktigast?
Det er lett å vere einig i at vi bør ha eit berekraftig kosthald, men kva betyr det eigentleg? Sjå nærare på FNs definisjon av kva eit berekraftig kosthald er og finn ut kva de synest er viktigast.
- Kva er forskjellen på "mat" og "kosthald"? Er det viktig å skilje mellom kosthald og mat, tenkjer de?
- Kva tenkjer de på når de høyrer omgrepet "berekraftig kosthald"? Lag ei felles ordsky i klassen.
- Bruk ordskya som utgangspunkt for å diskutere kva faktorar de meiner påverkar kor berekraftig eit kosthald er.
Vi må vurdere mange ulike faktorar for å kunne avgjere om kosthaldet vårt er berekraftig eller ikkje. I denne oppgåva skal de jobbe med lista over faktorane under. Fyll inn det de kjem fram til i lista. Når arbeidet er ferdig, kan de opprette eit dokument med alle svara dykkar.
I oversikta under har vi sett opp dei faktorane som FN meiner kjenneteiknar eit berekraftig kosthald.