Trivselsambassadør i klassen
Kva er ein trivselsambassadør?
Alle ønsker å gå i ein klasse med bra miljø. For å få til det må alle bidra, men det er ikkje alltid du som elev veit kva akkurat du kan gjere. Då kan det vere fint å velje ut nokon i klassen som har eit særleg ansvar for det sosiale miljøet, og som organiserer aktivitetar som inkluderer alle elevane.
Ein trivselsambassadør er ein elev som skal arbeide for at alle i klassen har det bra. Det kan vere to til fire elevar som er trivselsambassadørar, og oppgåva kan roterast mellom dei ulike elevane i klassen. Ofte er det klassen sjølv som vel trivselsambassadørar, men dei kan òg veljast av læraren.
Trivselsambassadørane har fokus på miljøet i klassen. Dei skal bidra til at alle i klassen kjenner seg inkluderte og sette, og kan vere med å organisere sosiale aktivitetar som bygger opp eit bra miljø. Det er mange konkrete tiltak trivselsambassadørane kan gjere for å betre klasse- og læringsmiljøet. Dei kan til dømes
organisere turar og utflukter
organisere spel og leikar
avtale felles lunsj ein gong i veka
arrangere klassefest
organsiere studiegrupper som øver saman til prøver
passe på at ingen fell utanfor og alltid har nokon å vere saman med
komme med innspel til lærarar om kva dei kan gjere for å betre miljøet
Trivselsambassadørar på Ski videregående skole
På Ski videregående skole i Akershus har dei i fleire år brukt trivselsambassadørar for å engasjere elevane og skape eit godt klassemiljø, med svært gode resultat. Trivselsambassadørane på Ski organiserer sosiale aktivitetar, tek initiativ til fagleg samarbeid og er opptekne av at alle i klassen skal bli sette og varetekne.
Ski videregående skole har organisert dette på følgande måte:
Kort tid etter oppstart av skuleåret vel klassen tre trivselsambassadørar.
I løpet av heile skuleåret vel klassen trivselsambassadørar to gonger til. Skuleåret blir delt i tre, så det blir i alt valt ni trivselsambassadørar i løpet av eitt år.
Etter at klassen har valt trivselsambassadørane (i midten av kvar av dei tre periodane), samlast alle som er ambassadørar på vg1 til eit felles statusmøte der dei deler erfaringar og gjennomfører øvingar dei skal ha i klassens time. På statusmøtet får deltakarane gratis lunsj.
Oppgåva til trivselsambassadørane er å skape eit trygt og godt klassemiljø. I samarbeid med kontaktlæraren og elevrådsrepresentantane bidreg dei til å organisere klassens time.
Når trivselsambassadørane er ferdige med perioden sin, har dei ein samtale med ein tilsett i elevtenesta. Dei som har gjennomført oppdraget, kan få ein attest frå skulen til å ta med seg vidare, når dei til dømes søker jobb.
På Ski videregående skole er trivselsambassadørane ein del av eit større program for å skape auka elevmedverknad, som dei kallar Klassen som ressurs.
Slagordet til programmet på Ski videregående skole er: "Den klassen du ønsker å tilhøyre, er du med på å skape sjølv".
Du kan lese meir om dette programmet i artikkelen "Klassen som ressurs".
Tips til trivselsambassadørar
Her er nokre tips til nye trivselsambassadørar:
Spør elevane i klassen kva dei har lyst til å gjere. Lag gjerne ei undersøking.
Organiser aktivitetar som alle trivst med.
Organiser aktivitetar som bidreg til å inkludere alle og motverke klikkar.
Ikkje ver redd for å prøve noko litt nytt og annleis.
Spør læraren kva for moglegheiter de har for å organisere aktivitetar og turar i skuletida.
Snakk med miljøarbeidaren eller andre i elevtenesta om kva de kan gjere saman.
Er du usikker på om du vil vere trivselsambassadør? Det er ingen som veit betre kva de i klassen synest er hyggeleg å gjere saman, enn de sjølve. Det einaste du treng for å vere trivselsambassadør, er lysta til å organisere noko gøy og sosialt saman med dei andre i klassen. Alle kan vere trivselsambassadør. Du kan sjølv vere med på å skape den klassen du har lyst til å gå i.
Tips til aktivitetar i klassens time:
NDLA har laga forslag til ulike aktivitetar og tema trivselsambassadørane, lærarane og tillitselevane kan velje å jobbe med i klassens time. Bruk gjerne desse forslaga, eller la dykk inspirere til å finne på noko eige: