Valomatar og praterobotar: Stortingsvalet 2025

Gjennomfør valomat
Gjennomfør to ulike valomatar. Du kan bruke to av dei vi har lenkja til her eller finne valomatar andre stader.
Dagbladets valomat (dagbladet.no)
Reflekter/diskuter:
Samanlikn valomatane.
Legg dei vekt på dei same tinga?
Blei resultata like?
Kva likte du best? Grunngi svaret.
Kva kan slike valomatar fortelje oss?
Kva kan valomatane ikkje fortelje oss?
Er det nyttig med valomatar?
Bør ein ta eit val berre basert på ein valomat? Viss ikkje – kva bør ein gjere i tillegg?
Er det betre å røyste basert på ein valomat enn å ikkje røyste i det heile?
Praterobotar og val
Diskuter: Ville du spurt ein praterobot om råd viss du var i tvil om kva du skulle stemme ved valet? Kvifor? Kvifor ikkje?
Sjå videoen og diskuter spørsmåla under.
Er det eit problem at praterobotar kjem med konkrete forslag til kva vi skal stemme?
Er det mogleg å bruke praterobotar på ein god måte når vi skal orientere oss før eit val?
Kva problem kan det føre til for demokratiet på sikt dersom vi i større og større grad støttar oss på maskiner når vi skal bestemme oss for kva vi skal stemme på?
Filmen over blei laga i 2023. Men kunstig intelligente praterobotar er i konstant utvikling. Prøv sjølv å spørje ein praterobot om hjelp til å finne ut kva du skal stemme på. På kva måtar oppfører prateroboten du bruker, seg annleis enn prateroboten i filmen?
Kva tenker du kan skje dersom kunstig intelligente verktøy blir stadig flinkare til å hjelpe oss å ta slike val? Kan det bli eit problem for demokratiet?
Relatert innhald
Nettside hos kristiania.no