Sjølv om mange tiltak for å løyse problem blir sette i gong av styremakter og organisasjonar, kan vi som privatpersonar òg påverke for å få endring. Kanskje du har opplevd å bli frustrert over at ting skjer for sakte, og at du har lyst til å setje i gang med noko sjølv?
Det er ein god idé å starte med noko som er viktig for deg, og som engasjerer deg. Viss du vil fokusere på noko som bidreg til ei berekraftig utvikling, så kan FNs berekraftsmål vere ein stad å starte.
Måla er laga for å gjere det lettare å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dei består av 17 hovudmål og 169 delmål. Det er veldig mange mål å engasjere seg i. Kvar skal vi starte? Testen "Det viktigaste målet i verda" kan hjelpe oss med dette. Her tek du stilling til påstandar om berekraft og får oversikt over kva område som engasjerer deg.