Finn hersketeknikkane!

Oppgåve 1. Finn døme!
Sjå på ein TV-debatt og finn døme på tre ulike hersketeknikkar. Du kan sjå på denne partileiardebatten på NRK frå valet i 2025 eller finne ein nyare debatt.
Presenter døma for ein medelev eller for klassen og forklar kvifor dette er ein hersketeknikk.
Oppgåve 2. Diskuter!
Kva skal til for å "vinne" ein debatt, meiner de?
Korleis påverkar hersketeknikkar ein debatt?
Er det greitt å vinne debattar ved hjelp av hersketeknikkar?
Kvifor kan det vere lurt å vere klar over desse teknikkane når du skal sjå ein debatt og gjere deg opp ei meining om ei sak?
Relatert innhald
Her får du ei oversikt over ulike triks og knep som blir brukt i politiske debattar.