Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Mennesket og naturen – før og no

Korleis har vi menneske stilt oss til naturen opp gjennom historia? Korleis har dette forma synet på naturen? Kan det forklare den natur- og klimakrisa vi står overfor i dag? Vi startar reisa med oppdaginga av elden for to millionar år sidan – og endar opp i vår tid.

Sjå filmen om mennesket og naturen

Menneske har ikkje alltid vore slik vi er i dag. Dei som ein gong var små, sårbare skapningar på savannen har utvikla seg til å bli ein art som formar naturen rundt seg. I denne filmen (lengde 7:29) følger vi avgjerande augeblink opp gjennom historia og får eit innblikk i korleis oppdagingar og teknologi har endra både oss og forholdet vårt til naturen.

Video: Filmkonsulentene, Extreme Music / CC BY-NC-SA 4.0
Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 25.03.2026