Kampanje mot kredittkjøp

Så fort du fyller 18 år, er du myndig. Då kan du ta førarkort, stemme ved val og bestemme over din eigen økonomi. Men med fridommen kjem det òg ansvar. Når du blir 18 år, får du nemleg tilgang på kredittkort og forbrukslån, noko som kan gi deg pengeproblem i lang tid framover om du ikkje passar på.
I dette oppdraget er det Forbrukartilsynet som ønsker å rette ein haldningskampanje mot ungdom for at dei skal unngå å ta opp kreditt- og forbrukslån. Målgruppa er unge i alderen 17–20 år, og du skal bidra med å forme ut ein bodskap som appellerer til denne målgruppa.
Oppdrag
Du skal lage produkt i ein haldningskampanje for Forbrukartilsynet.
Målet er at færre unge skal ta opp forbrukslån og kjøpe på kreditt.
Kampanjen skal gå over to månader.
Du skal forme ut ein bodskap og lage skisser til minst to produkt.
Du skal gjere følgande
- Idémyldring: Set deg inn i forbrukslån og kredittkjøp ved å ta ein titt i uttrekksboksane nedst i denne ressursen. Skriv opp idéar til bodskap, korleis du kan gjere unge interesserte i temaet, og korleis kampanjeprodukta kan sjå ut. Skriv eit kort notat eller lag eit tankekart.
- Vel ut eit fokus og lag ein bodskap: Du kan hente inspirasjon frå éi eller fleire av appellformene. Etos handlar om truverd, logos handlar om fornuft, og patos speler på kjensler. Kva trur du treffer ungdommane?
- Beskriv målgruppa, og korleis du kan nå henne: Unge har mykje å velje i når det gjeld kva dei ønsker å bruke tida si på. Du har berre nokre få sekund på å få merksemda deira. Korleis kan du få dei til å engasjere seg i kampanjeprodukta dine og bodskapen din?
- Produkt og plassering: Lag skisse til to typar produkt, og finn ut kvar desse bør plasserast. Forklar kvifor desse stadene eignar seg til å bli sette av unge i målgruppa. Set inn avsendar (Forbrukartilsynet) på produktet.
- Oppsummering/avslutning: Presenter for klassen eller skriv ein tekst. Vis fram produkta dine, og forklar kva du tenkte då du laga bodskapen og utforma produktet. Kvar skal det plasserast? Kva for grep har du gjort for å appellere til målgruppa? Kva har du lært av prosessen?
Nokre forslag til kampanjeprodukt. Storleik står i parentes
Ståande video: Videoen skal publiserast på Snapchat, Instagram stories eller Facebook stories (1080x1920px).
App: Skiss ut ein idé til ein app knytt til temaet. Det andre produktet må reklamere for appen.
Digital plakat: Plakaten skal brukast på nettsider eller i sosiale medium (Instagram: kvadratisk eller breidde 1080x556 px, Facebook: minimum 1080x1080px).
Trykt plakat: Plakaten skal ha ståande format og er til å henge opp eller publiserast i blad, aviser og magasin (A3).
Informasjon om forbrukslån
Videoklipp: Lær meir om forbrukslån (lengde 01:55).
Trykk på boksane under: "Bakgrunnsinformasjon forbrukslån" og "Priseksempel: Kjøp av skuter med forbrukslån". Her lærer du meir om forbrukslån, og korleis totalsummen aukar drastisk ved bruk av lån utan sikkerheit.