Oppgåve
Klimarisiko i din kommune
Mange kommunar merkar konsekvensane av klimaendringar allereie. Finn ut korleis situasjonen er i kommunen der du bur. Kva for hendingar forårsaka av klimaendringar er mest sannsynlege, og kva for tiltak kan gjerast for å minske risikoen?

Situasjonen i kommunen din nå
Bruk Klimarisiko i kommunen og Utslipp av klimagasser i kommuner og fylker når du arbeider med oppgåvene.
- Undersøk korleis utviklinga av klimagassutslepp i din kommune har vore dei siste 10 åra.
- Kva sektor har størst utslepp? Kvifor er det slik, trur du?
- Kva sektorar har hatt størst endringar i utsleppet sitt? Har utsleppa gått opp eller ned?
- Samanlikn med ein nabokommune. Kva for likskapar og forskjellar finn du?
På nettsida "Klimarisiko i kommunen" kan du finne informasjon om klimagassutslepp i alle kommunar i Noreg. Her får du også oversikt over kva for konsekvensar klimaendringar sannsynlegvis får i den enkelte kommune i tillegg til kva tiltak ein bør setje i gang med.
Kva er klimarisikoen i kommunen din?
Bruk Klimarisiko i kommunen når du arbeider med oppgåvene.
- Finn ut kva som er meint med "klimarisiko".
- Bruk nettstaden Klimarisiko i kommunen og finn ut kva klimarisikoen er i heimkommunen din.
- Kva for næringar i kommunen din er mest utsette for klimaendringar?
- Finn ut kva for tiltak som bør gjerast i kommunen din for å redusere klimarisikoen.