Oppgåve
Å flytte heimanfrå – oppgåver
Kva skal du gjere når du flyttar heimanfrå? Skal du kjøpe eller leige ein stad å bu? Skal du bu for deg sjølv eller saman med andre? Finn ut kor mykje dei ulike alternativa kjem til å koste.

Om oppgåva
Bruk artikkelen om å flytte heimanfrå for å svare på spørsmåla.
1. Leige eller eige?
- Kva er fordelane og ulempene med å leige ein stad å bu?
- Kva er fordelane og ulempene med å kjøpe ein stad å bu?
2. Leige
Tenk deg at du eller de skal leige ei leilegheit.
- Gå inn på finn.no.
- Kor mykje vil det koste i månaden å leige leilegheita?
- Kva er husleiekontrakt og depositum? Kor mykje må du rekne med å betale i depositum?
- Kva slags forsikring treng du når du leiger? Kor mykje vil det koste i månaden? Kva konsekvensar kan det få om du ikkje har forsikring?
3. Kjøpe
Tenk deg at du eller de skal kjøpe ein stad å bu.
- Kor mykje kan du eller de ta opp i lån? Ta utgangspunkt i eigne føresetnader. Forklar kva som set avgrensingar for kor mykje de kan låne.
- Finn ein bustad på Finn.no som er innanfor det de har høve til å låne. Kor mykje vil det koste å kjøpe denne leilegheita eller bustaden?
- Kva består dei månadlege utgiftene for lånet av? Berekn dei månadlege utgiftene de vil få.
- Kva andre utgifter enn kjøpesummen for bustaden må de rekne med når de kjøper ein stad å bu?
4. Avgjerda
Bestem til slutt om du eller de vil kjøpe eller leige ein stad å bu. Skriv ei kort grunngiving for kvifor de valde det eine eller det andre.