4 hjørne

Førebuing og framgangsmåte
Heng opp lappar med "Einig", "Ueinig", "Litt einig" og "Litt ueinig" i fire hjørne i klasserommet. De kan òg berre bli einige om kva for nokre hjørne som er kva.
Læraren les opp ein påstand om gongen. Påstandane finn du i ramma lenger nede på sida. Elevane stiller seg ved hjørna for "Einig", "Ueinig", "Litt einig" eller "Litt ueinig". Undervegs i diskusjonen kan elevane forandre meining og flytte på seg til andre hjørne.
Elevane rekker opp handa for å forklare kvifor dei står der dei står. Læraren kan òg velje ut tilfeldige personar som kan forklare dersom handsopprekking fungerer dårleg.
Etterarbeid
Etter øvinga kan de reflektere over desse spørsmåla i plenum:
Kva skal til for at verda skal bli mindre urettferdig?
Korleis kan Noreg bidra til auka klimarettferd og mattryggleik i Guatemala?
Korleis kan ungdom bidra til å forandre verda?
Denne oppgåva er laga av Operasjon Dagsverk. Du finn den same oppgåva (4 hjørner) på nettsida deira.