Fagstoff
Merking for kjeldesortering av emballasjeavfall
Vareprodusentar og -formidlarar produserer mykje emballasjeavfall som dei har plikt til å ta hand om. Her lærer du litt om reglane for merking av emballasje for kjeldesortering.
Plastemballasje
Emballasjeavfall består anten av glas-, metall-, kartong- eller plastmateriale. Både glas-, metall- og kartongemballasje er lett å sortere utan sorteringsrettleiing. Plastemballasje må vi sortere slik at vi skil gjenvinnbar plast frå ikkje-gjenvinnbar plast.
Plastemballasje er merkt med desse symbola:
| Polyetylentereftalat Drikkeemballasje, såpeflasker, klede, teppe | |
|---|---|
| Polyetylen – høg tettleik Flasker, kanner, kasser, bereposar, tankar og røyr | |
| Polyvinylklorid Røyr, profilar, plastslangar, golvbelegg og regntøy | |
| Polyetylen – låg tettleik Bereposar, strekkfilm, krympefolie og landbruksfolie | |
| Polypropylen Boksar, spann, lokk/kapslar, vovne storsekker til gjødsel, fôr, tilsetjingsstoff og så vidare | |
| Polystyren Yoghurtbeger, plantebrett, finst også som EPS (ekspandert skumplast, isopor) | |
| Andre Samlenemning for alle andre typar plast |
Plast merkt med 03 og 07 skal sorterast åtskild frå dei andre.