Fagstoff
Truck – klassifisering og sertifisering
Her skal du sjå korleis truckane er delte inn i klassar. Du skal også få vite litt om den sertifiserande opplæringa du treng for å køyre gaffeltruck.

Bilete: Pashminu Mansukhani / Avgrensa gjenbruk
Truck – eit viktig hjelpemiddel
Då trucken blei vanleg i Noreg rundt 1950, blei det opprør blant hamnearbeidarane. Dei som arbeidde med lasting og lossing, særleg i hamnene, frykta for jobbane sine, og dei fekk rett. Likevel ville eit arbeidsliv utan truckar (gaffeltruckar) vore utenkjeleg i dag.

Hamnearbeidarar i 1950.
Inndeling i klassar
Blant anna:
- T1 – skyvetruck, plattformtruck, palltruck
- T2 – skyvemasttruck, støttebeinstruck
- T3 – svinggaffeltruck, høgtløftande plukktruck, førarløftande truck
- T4 – motvektstruck
- T5 – sidelastar
Desse klassane har løfteevne til og med 10 tonn. Truckar med løfteevne over 10 tonn kallar vi stortruckar.

Bilete: Angerman AS / Avgrensa gjenbruk
Sertifisering
Truckane krev sertifiserande opplæring. Du må då gå på eit kurs for å skaffe deg truckførarbevis og lære å bruke trucken korrekt. Viss du klikkar på lenkja «Sertifisert tryggleiksopplæring» finn du eit oversyn over den sertifiserande opplæringa. Klikkar du vidare på boksane, finn du læreplanar og mål for opplæringa.