Trening på hjarte- og lungeredning, HLR - Transport, logistikk og lyfteoperasjoner (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Trening på hjarte- og lungeredning, HLR

Du har lært at tidleg start av hjarte- og lungeredning bidreg til auka overleving. Det er viktig å ha både teoretisk og praktisk kunnskap om dette temaet, og derfor bør du gjennomføre regelmessige treningar på hjarte- og lungeredning. Kunnskapen din og praktiske evner kan redde liv.

Individuelle oppgåver

  1. Beskriv korleis du gjennomfører hjarte- og lungeredning.
  2. Finn ut korleis skiltet som indikerer hjartestartar ser ut. Teikn skiltet.
  3. Nemn døme på stader der det ofte er plassert ein hjartestartar.
  4. Kvar er den næraste hjartestartaren der du er no?
  5. Beskriv korleis du nyttar ein hjartestartar.
  6. Gjer dei interaktive oppgåvene under.

Gruppeoppgåve

Regelmessige praktiske øvingar er viktig for best mogleg hjarte- og lungeredning.

  1. Finn fram ei HLR-dokke, og gjennomfør hjarte- og lungeredning etter prosedyren. Byt på å vere den som komprimerer, den som gir innblåsingar og observatørar.
  2. Gjennomfør hjarte- og lungeredning med berre éin førstehjelpar og resten av gruppa som observatørar. Kor mange minutt kan du halde på før det blir for slitsamt?

Relatert innhald

Fagstoff
Hjarte- og lungeredning, HLR

Tidleg start av hjarte- og lungeredning kan vere med å auke moglegheita ein person har til å overleve, betydeleg, her tel kvart minutt.

Skrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020