Transport av tømmer, trevirke og flis - Transport, logistikk og lyfteoperasjoner (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Transport av tømmer, trevirke og flis

Her skal du lære om påbygg som blir brukte i transport av tømmer, trevirke og flis.

Tømmertransport

I heile landet transporterer ein tømmer på køyretøy som er spesielt innretta for slik transport. Dette er ein krevjande transport for både føraren og materiellet, og det er derfor det tyngste materiellet som blir brukt. Det er tillate med ei totallengd på 22 eller 24 meter for vogntog som er spesielt innretta for tømmertransport. Det er òg tillate med høgare totalvekt på ein del av vegane som er opne for 22 eller 24 meters tømmervogntog. Totalvekta kan vere 56 eller 60 tonn.

Veglistene til Statens vegvesen viser kva lengder og vektavgrensingar som gjeld på dei spesifikke vegane. For meir informasjon, sjå Statens vegvesen sine sider om transport av tømmer.

Lengre vogntoglengder vart gjennomført som eit tiltak mot velteulykkene som tømmertransporten var ein del av. Då lengda først vart auka til 22 meter, ville lastehøgda samtidig gå ned. Bilane er tre- eller fireaksla, anten 6 x 2, 6 x 4 eller 8 x 4, og dei er gjerne tandemtrekkjarar.

Bakarst på bilen sit det ei tømmerkran, som er lukka for å gi føraren eit betre arbeidsmiljø. Krana blir driven av motoren til bilen via eit kraftuttak, og ho kan setjast av om det er ønskjeleg.

Tilhengjaren er vanlegvis ei fireaksla slepvogn som kan laste to tømmerlengder etter kvarandre.

Trelast

Saga og høvla tre blir bunta saman på sagbruket før sendinga, og ein slik bunt blir kalla ein pakke. Saga og høvla virke skal transporterast på bilar med midtstakar – stakar som sit midt i planet, og som lasten blir sikra mot.

Flis blir brukt til fleire ting, som oppvarming eller sponplater. Flisene blir transporterte på vogntog som kan laste store volum opp mot 120 kubikkmeter. Påbygga har normalt tipp, taket kan leggjast inn til sida ved hjelp av hydraulikk, og heile sida kan opnast.

Relatert innhald

Skrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.03.2022