Planlegging og gjennomføring av transportoppdrag - Transport, logistikk og lyfteoperasjoner (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Planlegging og gjennomføring av transportoppdrag

I denne oppgåva skal du vise at du kan gjennomføre eit transportoppdrag i samsvar med lover og reglar som styresmaktene har fastsett.

Oppgåve

Denne oppgåva er ei lita "nøtt" for deg som ønsker ei fagleg utfordring. Du skal sjå nærare på eit transportoppdrag.

Bakgrunnsinformasjon

  • uttak av vogntog: kl. 06.00
  • start lasting (stykkgods): kl. 06.15
  • avreise: kl. 07.30
  • avstand mellom startpunkt og siste adresse: 400 km
  • tal på stopp for lossing: 4 stopp à 10 min
  • tal på stopp for lossing: 2 stopp à 30 min

Spørsmål

  1. Når er du framme på siste adresse?
  2. Kva pliktar du å kontrollere før avreise?
  3. Kva for plikter har du under turen?
  4. Kva for dokument må du ha med deg i bilen under turen?
  5. Korleis vil du rekne ut prisen på turen?

Relatert innhald

Skrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022