Friksjon - Transport, logistikk og lyfteoperasjoner (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Friksjon

Friksjonen mellom gods og underlag har mykje å seie når ein skal frakte og sikre last. Det er derfor viktig å kjenne til korleis friksjonen verkar inn, når du skal velje sikringsutstyr og sikringsmetode.

Litt forenkla kan vi seie at friksjon er ei kraft som oppstår mellom last og underlag, og som prøver å motsetje seg at lasta kjem i rørsle. Om du prøver å skyve ei trekasse bortover eit grovt betonggolv, er friksjonen mellom kassa og golvet stor, og det blir tungt å flytte kassa. Om golvet er glatt og dekt med is, blir det lettare å skyve kassa, og då seier vi at friksjonen mellom kassa og golvet er liten. På eit lasteplan, eit skipsdekk eller i ein konteinar vil friksjonen mellom godset og underlaget vere ein del av det du må ta omsyn til i sikringa.

Friksjonen mellom gods og underlag er ei kraft vi kan kalle F, og den er like stor som den krafta, K, som skal til for å flytte godset.

Storleiken på friksjonen, F, er avhengig av kor tungt godset er, G, og det kan vi uttrykkje slik:


F=μG

Vi kan også skrive det slik:


μ=FG

μ (my) kallar vi friksjonskoeffisienten. Lat oss seie vi har eit kolli som veg 100 kilo og altså har tyngda 1000 N. Viss vi må bruke ei kraft på 200 N for å setje det i rørsle, blir friksjonskoeffisienten


μ=200N1000N=0,2

Det tilsvarer litt dårleg vinterføre. På den grove betongen rører ikkje kassa seg før krafta er kommen opp i 800 N, og då blir µ = 0,8.

Skrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.02.2023