Rettleiar om sjølvskading

Om artikkelen
Somme unge sjølvskadar, har sjølvmordstankar eller sjølvmordsåtferd. Dette er svært tragisk, og vaksne har moglegheit for å gripe inn og hjelpe. Organisasjonen LEVE har derfor utarbeidd ein serie med tre hefte om sjølvmordsførebygging og sjølvskading, der du får råd om korleis du kan handtere ulike situasjonar sensitivt og trygt. Denne artikkelen er ei omarbeiding av eitt av desse hefta. Dei to andre artiklane finn du her:
Korleis støtte etter at ein ung person har teke livet sitt?
Korleis støtte ein ung person som har sjølvmordstankar?
I denne artikkelen skal vi først og fremst snakke om dei som skadar seg sjølve med vilje, men ikkje med ein intensjon om å ta sitt eige liv. Du kan bestille hefta på post@leve.no.
Artikkelen er basert på eit hefte laga av LEVE (Landsforeningen for etterlatte ved selvmord). Heftet er utarbeidd i samråd med Anita J. Tørmoen, førsteamanuensis, ph.d., Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging, Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo.
Kva er sjølvskading?
Sjølvskading er åtferd som blir gjord med vilje for å skade seg sjølv. 16 prosent av barn og unge rapporterer at dei har sjølvskadd (Tørmoen et al, 2020). Somme av desse sjølvskadar berre éin eller nokre få gonger, andre sjølvskadar i mange år. Sjølvskading kan til dømes vere
å skjere eller kutte seg
å ta ein overdose
å slå seg sjølv
å ta for lite eller for mykje medisinar med vilje
brenning
kveling
Sjølvskading kan føre til utilsikta død.

Korleis kan ein vite om nokon sjølvskadar?
Somme av dei som skadar seg sjølve, gjer det i hemmelegheit. Viss nokon er svært tilbaketrekt over lengre tid, kan det vere eit varselteikn som bør takast på alvor.
Andre varselteikn som meir direkte kan tyde på sjølvskading er
kutt eller brennemerke på armar, bein eller magen
funn av skjulte barberhøvlar, knivar og andre skarpe gjenstandar
at den unge er lange periodar åleine, spesielt på badet eller soverommet
at den unge går iført lange erme eller bukser i varmt ver
Kvifor begynner nokon å sjølvskade?
Det er mange moglege individuelle, personlege og samansette grunnar til det. Somme skadar seg med vilje éin gong for å prøve det. Andre opplever utfordringar som bidreg til sjølvskadingsåtferda.
Døme er mobbing, depresjon, angst, låg sjølvtillit, håpløyse, dårleg problemløysingsevne, impulsivitet, eteforstyrringar eller rusproblem. Somme kan oppleve psykiske helseproblem i familien, rusmisbruk i familien, prestasjonspress, overdrivne straffer eller restriksjonar, familiehistorie med sjølvskading, misbruk eller forsømming. Andre har vanskar i relasjonar med jamaldra, utanforskap, misbruk, venner som sjølvskadar, påverknad frå media og internett.
Somme av dei som sjølvskadar, kjenner seg makteslause eller manglar sjølvtillit. Dei sjølvskadar for å vinne tilbake litt kontroll. Somme kjenner sjølvforakt og sjølvskadar for å straffe seg sjølve.
Sjølvskading kan tene éin eller fleire ulike funksjonar.
Kvar ungdom er ulik. Dei har ulike erfaringar og ulike måtar å handtere utfordringar på. Nokon vil skade seg for å takle ei bestemd utfordring i livet. Andre kan slite med sinne eller angst, og bruker sjølvskading for å uttrykke desse kjenslene eller å kommunisere den kjenslemessige smerta si. Grunnane er samansette og kan dreie seg om
å handtere ei ekstrem kjenslemessig belastning
å redusere spenning
å gi ei kjensle av fysisk smerte
å distrahere seg frå kjenslemessig smerte
å uttrykke kjensler som skade, sinne eller frustrasjon
ei form for flukt frå verkelegheita
å vinne tilbake kontroll over kjensler eller problem
å straffe seg sjølv eller andre
å framkalle omsorg frå andre
å identifisere seg med ei jamaldra gruppe
Sjølvskading kan òg vere eit sjølvmordsforsøk.
Sitat
– Det handlet jo mest om at jeg hadde veldig mange vonde ting inni meg som jeg ikke fikk prate om. Da kunne selvskadingen gjøre at jeg slappet av.
– Selvskading handler om vonde følelser som må ut.
– Det er en grunn til at man har problemer med mat. Jeg fant måter å overleve på, og da ble det sånne uttrykk. Selvskading kan handle om at man har for mye å bære på alene, for mange vonde tanker.
– Når du skader deg eller har selvmordstanker, handler det om noe. Dette burde alle forstå. Hvis de voksne forsto dette, ville de kanskje møtt meg annerledes.
Fra rapporten: Vi vil dere skal forstå – 142 barn og unge om selvskading, (2021)
Konsekvensar av sjølvskading
Viss du oppdagar at nokon sjølvskadar, er det viktig å gjere noko med det så tidleg som mogleg fordi
sjølvskading kan vere eit alvorleg problem og kan vere vanedannande
sjølvskading kan føre til alvorleg fysisk skade
sjølvskading kan vere knytt til andre problem, som depresjon, angst, eteforstyrringar eller rusmisbruk, som treng spesifikk behandling
personar som sjølvskadar, har høgare risiko for sjølvmord enn andre
Men hugs at somme unge skadar seg berre for å prøve det, og gjentek det ikkje.
Kva kan du som hjelpar komme til å kjenne?
Somme av dei som sjølvskadar, fortel om det til omgivnadene sine. Viss du oppdagar at nokon du bryr deg om sjølvskadar, kan du oppleve kjensler som sjokk, sinne, sorg, avsky, tungsinn og så vidare.
Sjokk og fornekting
Det kan vere sjokkerande å oppdage at nokon sjølvskadar. Men viss du unngår eller avfeiar det, kan det hende du overser at dei har eit alvorleg kjenslemessig problem.
Sinne og frustrasjon
Du kan kjenne deg sint eller frustrert over sjølvskadinga fordi du opplever åtferda som meiningslaus, eller fordi det er skremmande for deg og utanfor kontrollen din.
Empati og sorg
Du kan kjenne deg trist, og ta smerta deira inn over deg. Sjølv om empati hjelper deg til å forstå situasjonen deira, kan overdriven empatisk innleving og tungsinn nokre gonger opplevast som vanskeleg for andre. Dei kan føle at dei må beklage og unnskylde seg for å verne deg. Dette kan auke det kjenslemessige kaoset som gjerne er årsaka til sjølvskadinga.
Skyldkjensle
Du kan føle at det er di skyld at nokon skadar seg sjølve. Du kan føle at du ikkje har gjort nok, og samtidig veit du ikkje kva anna du skulle ha gjort. Mange kjem i tvil om dei har gitt nok kjærleik og merksemd. Det er viktig å anerkjenne denne kjensla, og bruke ho som drivkraft til å leite etter gode løysingar. Samtidig skal du hugse at det ofte ligg kompliserte grunnar bak sjølvskadinga til nokon, og relasjonen din med dei vil sjeldan åleine kunne forklare kvifor dei skadar seg sjølve.

Korleis snakke med nokon om sjølvskading?
Det er viktig å ta problemet med sjølvskading på alvor og ikkje gå ut frå at problemet vil forsvinne av seg sjølv. Prøv å tenke på sjølvskading som eit uttrykk for overveldande kjensler dei som sjølvskadar ikkje veit korleis dei kan handtere.
Hugs at det å anerkjenne dei vanskelege kjenslene ikkje er det same som å godta den sjølvskadande åtferda.
Det aller viktigaste du kan gjere, er å anerkjenne overfor dei at dei har det svært vanskeleg kjenslemessig. Dermed viser du dei at kjenslene deira er gyldige. Det vil seie at kjenslene ikkje berre er noko dei "finn på" for å syte, klage eller få merksemd, men er heilt reelle opplevingar dei har. Når de saman anerkjenner problemet, blir det lettare å bli einige om behovet for å søke hjelp.
Start ein samtale, men ikkje gå rett på sjølvskadinga som tema. Ta gjerne dette opp under ein biltur eller fottur.
Nyttige spørsmål for betre å forstå sjølvskadinga
Viss ein ung person har vist teikn til at hen slit og sluttar å komme på skulen eller delta i sosiale settingar, er det viktig å ta grep. Ta kontakt med den unge og eventuelt foreldre/pårørande for å tilby støtte. Når nokon trekker seg bort, kan det bety at dei har fått det verre.
Sjølvskading er ofte eit svært kjenslevart tema. Direkte spørsmål kan kjennast invaderande og skremmande, og dei må derfor stillast skånsamt. Det kan vere utfordrande, og det kan vere nyttig å søke råd hos andre. Det viktigaste er at du lyttar med respekt og snakkar roleg.
Viss du vil, kan du vise til at du har lese om sjølvskading (til dømes i denne artikkelen), og at du gjerne vil forstå kva som skjer med dei. Du kan til dømes spørje:
Korleis hjelper sjølvskadinga deg til å kjenne deg betre?
Korleis er det for deg å snakke med meg om at du skadar deg sjølv?
Er det noko som verkeleg stressar deg for tida?
Er dette noko eg kan hjelpe deg med?
Viss du ikkje ønsker å snakke med meg om dette no, så forstår eg det. Eg vil berre at du skal vite at eg er her for deg når du er klar. Er det greitt viss eg sjekkar med deg seinare om du er klar for å snakke, eller ville du føretrekke å komme til meg?
Spørsmål av denne typen kan bidra til betre forståing av dei kjenslemessige grunnane til at nokon sjølvskadar, og kan føre til ei felles forståing om å søke profesjonell hjelp med vanskane.
Korleis hjelpe?
Viss sjølvskadinga held fram, er det viktig å søke profesjonell hjelp. Den som sjølvskadar, treng hjelp til å forstå behovet for å ta vare på seg sjølv.
Du kan til dømes seie:
Det er viktig at du fokuserer på å ta vare på deg sjølv og vere god med deg sjølv, nettopp fordi du har det så vanskeleg.
Fordi du har det svært vanskeleg, bør du samarbeide med nokon som kan hjelpe deg med det du slit med, og som kan vise deg andre måtar å reagere på.
Du vil få lære korleis du kan ta vare på deg sjølv, eller korleis du kan få lyst til å ta vare på deg sjølv.
Du kan òg spørje den som sjølvskadar om det er noko du kan gjere, eller som de kan gjere saman, for å avhjelpe situasjonen.
Det er mange nyttige tips og mykje informasjon på selvskading-some.no.

Sosiale medium og sjølvskading
Somme som sjølvskadar, opplever samhald med andre som sjølvskadar gjennom sosiale medium, kanskje lukka nettverk. Somme slike nettverk kan vere støttande, andre kan gjere ting verre. Viss du føler at du kan snakke om det, er det fint om du oppmodar dei som sjølvskadar til å vurdere om dette verkeleg er noko som er godt for dei på sikt. Tenk òg på å ha ein samtale om det å bruke mykje tid i slike nettverk samanlikna med andre aktivitetar.
Alternativ til sjølvskading
Det er viktig at dei som sjølvskadar, kjem til behandling og får hjelp til å forstå, handtere og modulere kjenslene sine. Når dei treng å ta vare på seg sjølv, kan det vere nyttig med distraksjon, stresshandteringsteknikkar og å tenke på alternative metodar for å uttrykke sterke kjensler.
For somme kan det vere nyttig å bli med i ein sosial aktivitet eller ei idrettsgruppe som ein distraksjon. Dette kan òg gi ei form for sosial støtte. Andre oppdagar at å utsetje sjølvskadinga, kan redusere eller fjerne trongen. Å fjerne ting som kan brukast til sjølvskading (til dømes blyantspissarar, knivar, medisinar og så vidare) kan bidra til å forseinke impulsen til sjølvskading.
Når den som sjølvskadar treng å ta vare på seg sjølv, kan følgande sjølvhjelpstips vere nyttige:
gå ein tur, sjå på ting og lytte til lydar
lage noko: teikne, skrive, musikk eller skulptur
gå til ein offentleg stad, bort frå huset
skrive dagbok eller blogg
stryke eller ha omsorg for eit kjæledyr
sjå på tv eller ein film
ta kontakt med ein venn
lytte til roande musikk
ta eit avslappande bad
halde ein isbit stramt i knyttneven til han smeltar
dra ut og sleppe ein strikk hardt mot handleddet
teikne på huda med ein raud penn eller raud måling i staden for å kutte
sport eller fysisk trening
bruke ein punchbag
slå på ei pute eller ein annan mjuk gjenstand
høg musikk
Søk profesjonell hjelp når nokon strevar med sjølvskading
Dersom du har oppdaga at nokon driv med sjølvskading, må du spørje dei om dette har gått føre seg over tid, eller om det er eit eingongsfenomen. Viss det har gått føre seg over tid, er det behov for profesjonell hjelp. Dette kan vere ein samtale med helsesjukepleiar. Fastlege kan vise til Psykisk helsevern for vaksne (PHV), eventuelt Psykisk helsevern for barn og unge (PHBU/BU) viss dei er under 18 år. Der vil det gjerast ei vurdering og bli laga ein plan for behandling.
Viss den som sjølvskadar er motvillig til å få hjelp, eller ikkje erkjenner risikoen, kan du framleis be om råd frå fastlegen din. Du kan òg ta kontakt med frivillige organisasjonar som kan gi gode råd (sjå "Ressursar" nedst i artikkelen).
Viss dei som sjølvskadar må på sjukehus på grunn av sjølvskadinga, bør dei bli sett til av nokon som snakkar med dei om sjølvskading og den psykiske helsa deira. Viss det ikkje er klart om dette har skjedd, spør dei tilsette på sjukehuset om det.
Når sjølvskading blir oppdaga, og det likevel ikkje blir søkt profesjonell hjelp, kan dette opplevast som eit slags svik. Ein ungdom beskreiv kva som skjedde då foreldra oppdaga at ho dreiv med sjølvskading:
Det klikka fullstendig for dei, og dei fekk meg til å love at eg aldri skulle gjere det igjen. Eg sa ”ja” berre for å få dei til å kjenne seg betre. Då slo dei seg til ro med det. Eg kjende det vondt at dei ikkje tok meg meir på alvor, og at dei ikkje fekk meg til å søke hjelp.
Intervjuobjekt
Sjølv om den som sjølvskadar ikkje viser interesse for å søke hjelp, er det viktig å legge til rette for kontakt med hjelpeapparatet når hen blir motivert for det. Gjennom behandling kan hen vinne tilbake kontrollen over dei problema som per i dag synest å vere uoverkommelege. Men ver klar over at det kan ta tid – og det kan vere mange små trinn på vegen til livsmeistring – utan sjølvskading.
Når de søker hjelp, kan det hende behandlar utviklar nokre ressursar som de kan bruke, til dømes:
Lage ein plan for den som sjølvskadar som viser kven som kan vere gode hjelparar, og korleis desse kan hjelpe når personen har det kjenslemessig vanskeleg og får trong til å skade seg sjølv. Planen bør spesifisere kven som er tilgjengeleg på ulike tidspunkt i løpet av dagen, slik at den som sjølvskadar, skal kunne få nødvendig støtte når dei vanskelege kjenslene blir overveldande.
Viss den som sjølvskadar allereie har utvikla nokon effektive meistringsstrategiar for å handtere vanskelege kjensler, kan de skrive ned desse strategiane saman. Med andre ord kan det utarbeidast eit "hjelpekort" som både omfattar dei beste meistringsstrategiane deira og telefonnummer til personar som kan vere til støtte.
Eg slutta fordi eg utvikla ei kjensle av verdi og til ei viss grad kjærleik til meg sjølv. Eg har òg forstått at det er smertefullt for dei eg er glad i å vite at eg skadar meg sjølv, så eg har delvis stoppa fordi eg ikkje ønsker at dei skal ha det vondt. Eg har lært betre meistringsstrategiar i tillegg.
Intervjuobjekt

Sjølvskading og sjølvmordsrisiko
Det er viktig å vite at sjølvskading kan vere knytt til sjølvmordstankar og sjølvmordsåtferd. Det er òg viktig å vite at sjølv om sjølvskading er vanleg hos unge menneske, er sjølvmord sjeldan.
Vi veit frå forsking at unge som skadar seg meir enn 20 gonger, har 3,4 gonger større fare for å utvikle sjølvmordsåtferd (Whitlock et al., 2013). Men dette gjeld langt frå alle som skadar seg. Ny forsking viser at jo yngre startalderen er ved sjølvskading, desto større er risikoen for sjølvmordsforsøk. Risikoen for sjølvmord aukar òg drastisk jo lengre sjølvskadinga går føre seg.
Viss du er bekymra for at dei som sjølvskadar opplever sjølvmordstankar, er den einaste måten å bli sikker på, å spørje dei direkte. Vi veit at dette kan vere vanskeleg, og mange vil bekymre seg for å snakke om sjølvmord. Men forsking fortel oss at å snakke om sjølvmord ikkje set idéen i hovudet på nokon. Dei aller fleste som tenker på sjølvmord, går ikkje vidare til handling. Det å snakke om sjølvmord skaper ein trygg stad der dei kan vere opne og ærlege om korleis dei kjenner seg. Dei vil sjå deg som ein trygg person å gå til når dei har det vanskeleg.
Ta vare på deg sjølv
Psykiske vanskar er ganske alminnelege. Dei fleste opplever situasjonar eller problem der dei sjølv, nokon i familien eller kjende utviklar ulike psykiske vanskar. Det er normalt å føle at det er slitsamt og isolerande å bekymre seg for nokon, og at det er vanskeleg å snakke med andre om situasjonen.
Ta deg tid til å gjere dei tinga du liker.
Hjelp den som skadar seg sjølv til å bygge eit støttenettverk, slik at du ikkje er åleine. Dette kan vere helsepersonell, familiemedlemmer og venner.
Bygg og bruk ditt eige støttenettverk. Del erfaringane dine med dei som det er naturleg å dele med, til dømes kollegaer, venner og familie. Ta vare på deg sjølv.
Ressursar og støttegrupper
Det finst mange som kan gi informasjon og hjelp, både til dei som sjølvskadar og til deira pårørande. Til dømes:
Fastlegen – gå til helsenorge.no
Legevakta 116117 – landsdekkande nummer når fastlegen er stengd
Nødetaten 113 – for situasjonar der det står om liv 24/7
Skulehelseteneste / Helsestasjon for ungdom – kontakt skulen eller kommunen
Kirkens SOS: 22 40 00 40 (kirkens-sos.no) – samtaletilbod og chat 24/7
Mental helse: 116 123 (mentalhelse.no) – samtaletilbod og chat 24/7
Kors på halsen: 800 33 321 (korspahalsen.no) – Raudekrossen sitt samtaletilbod for barn og unge
Pårørandesenteret: 90 90 48 48 – (parorendesenteret.no) – Kvardagar kl 10–17
Nettressursar
Nettressurs med korte filmar for dei som vil hjelpe:
selvskading-some.noSimuleringsspelet Frida for hjelparar som kjenner seg usikre og treng meir øving i samtalar om sjølvskading:
/snakkomselvmord.no/frida/Nettressurs for unge som søker informasjon:
selvskadingTips og verktøy for å hjelpe deg å kommunisere trygt om sjølvmord og sjølvskading på internett:
/med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/nssf/forebygging/chatsafe/For helsepersonell som møter menneske som sjølvskadar eller er i sjølvmordskrise:
snakkomselvmord.noRettleiar for kommunen om sjølvskading og sjølvmordsførebygging:
selvskading-og-selvmord-veiledendemateriell-for-kommunene-om-forebygging
Andre nøkkelressursar for barn og unge
Snakkommobbing.no
Anonym chatteteneste for alle som er ramma av mobbingSpisfo.no
Spiseforstyrrelsesforeningen: Støttetelefon for dei som er ramma av eteforstyrringarUng.no
Informasjonskanalen til det offentlege for ungdom1990_selvmordstanker.html
Korleis takle sjølvmordstankar?1136_selvskading_-_sett_ord_på_det.html
Kva er sjølvskading?slik-nullstiller-du-algoritmen-pa-tiktok-og-instagram
Slik nullstiller du algoritmen på TikTok og Instagramdeling-av-selvskading-og-selvmordstanker
Deling av sjølvskading og sjølvmordstankar på nettUngdomstelefonen.no
Unge vaksne svarer på spørsmål om kjønn, seksualitet og identitetvolinjen.no
Valds- og overgrepslinja –ei hjelpelinje for deg som opplever vald eller overgrep i nære relasjonarskeivchat
Skeivchat er eit samtaletilbod på chat for ungdom i alderen 13–25 år, der unge skeive vaksne svarer og snakkar om alt frå sex og forelsking til rus og mobbingtips-info.com
Hjelp med tidleg oppdaging og behandling av psykosar.3348_taushetsplikt_i_skolen.html
Teieplikt i skulen