Kva er mobbing? - Teknologiforståing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kva er mobbing?

Mobbing, trakassering og diskriminering som går føre seg på arbeidsplassen eller skulen, kan gi store helseproblem. Kva kan gjerast for å hindre slik framferd?

Oppgåve 1

Mobbing

  1. Kva legg de i omgrepet mobbing?
  2. Kjenner de til at det skjer / har skjedd mobbing på skulen?
  3. I tilfelle ja – kva har du og andre på skulen gjort for å stanse mobbinga?
  4. I tilfelle nei – kva har skulen gjort for å hindre mobbing?
  5. Kva er skilnaden på erting og mobbing?

Oppgåve 2

Diskriminering og rasisme

Ta utgangspunkt i definisjonane av diskriminering og rasisme.

  • Gi døme frå nærmiljøet ditt på krenkande framferd.
  • Drøft og gi døme på korleis vi kan/bør reagere på slik åtferd.

Relatert innhald

Fagstoff
Mobbing og trakassering

Mobbing, trakassering og diskriminering på arbeidsplassen eller skulen kan gi store helseproblem. Her får du ei innføring i kva vi meiner med omgrepa.

Skrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2024