Internetts historie

Eit nettverk av nettverk
Fire datamaskiner knytte saman i eit nettverk. Det var starten på internett. Året var 1969, nettet var amerikansk, og det vart kalla ARPANET.
Fire år seinare vart Noreg knytt til nettet som det aller første landet utanfor USA. Nettet hadde då vakse til 40 nodar som kvar kunne betene tre–fire datamaskiner. I dag er det ingen som veit sikkert kor mange maskiner det består av.
Internett er eit nettverk som knyter millionar av ulike små og store nettverk saman. Teknologien som gjorde dette mogleg, var først og fremst noko så kjedeleg som ein "protokoll" med det nerdete namnet TCP/IP. Denne protokollen vart brukt første gong i 1973, og det er den som bestemmer korleis maskina di skal dele opp til dømes ei biletfil i passelege "pakkar" og gi kvar av dei ei adresse som gjer at dei finn fram gjennom ei rekke ulike nett og maskiner, heilt fram til smarttelefonen til bestemor. Der sørger han så for at alle pakkane kjem fram og blir sette saman igjen til det biletet du sende.
Det geniale er at dette gjer han heilt utan nokon sentral kontroll som bestemmer kva veg kvar enkelt datapakke skal ta. Om store delar av nettet blir skrudde av eller slått ut av ein feil, så vil berre pakkane finne andre vegar fram til mottakaren. Viss ein pakke blir borte på vegen, blir han berre send på nytt. Alt dette gjer internett til eit svært robust nettverk.
Men kva kan vi bruke det til?
Det var forskarar ved universitet og militære forskingsinstitutt som var dei første brukarane på internett. Til å byrje med skjønte ikkje så mange kva slags nytte dei kunne ha av det. Men då det i 1972 vart mogleg å sende elektronisk post mellom brukarane, vaks interessa fort. Etter kvart kom òg diskusjons- og nyheitsgrupper, IRC eller chatting, og eit system for informasjonsfangst som vart kalla gopher, og som liknar på det vi kjenner frå nettet i dag.
I byrjinga var alt berre tekst, men avishus og kringkastingsselskap såg likevel moglegheiter og eksperimenterte med ulike løysingar over ulike typar nett. Folk flest hadde ikkje datamaskiner enno, så ulike terminalar vart brukte og kopla opp mot tv-skjermen eller eigne skjermar. Men teknologien var dyr, interessa var laber, og mange pengar gjekk tapt.
Etter kvart vart det mogleg for vanlege folk utanfor universitetsmiljøa å kople pc-en til internett ved hjelp av eit modem. Ein kunne kople seg til ulike BBS-ar (Bulletin Boards) eller ISP-ar (Internet Service Providers). Dei mest kjende i USA var Compuserve og AOL. I Noreg var Oslonett (seinare Schibstednett og Scandinavia Online eller SOL) den første internettleverandøren.

Verdsveven
"Sett at all informasjonen som er lagra på datamaskiner overalt, var lenka. Sett at eg kunne programmere datamaskina mi til å skape eit rom der kva som helst kunne lenkast til kva som helst."

Han som tenkte dette, var Tim Berners-Lee. Han var tilsett i forskingsorganisasjonen CERN (ja, den med oppdaginga av Higgs-partikkelen i 2012) og arbeidde med korleis forskarane kunne utveksle og oppdatere informasjon på ein meir effektiv måte. Då han den 6. august 1991 publiserte det aller første nettstaden i det han kalla the World Wide Web, var det ei storhending som har fått meir å seie for dagleglivet til folk flest enn alt det arbeidet CERN eigentleg skulle drive med.
Igjen var det noko så kjedeleg som ein protokoll som skapte revolusjonen. Tim Berners-Lee utvikla HTTP, som gjorde det mogleg å legge inn lenker til andre filer i ein tekst. Ein annan viktig del var url-en, som gav kvar enkelt fil ei unik adresse slik at desse lenkene kunne finne dei same kvar dei måtte vere på nettet. Ved hjelp av HTML-taggar i dokumentet og eit eige program kunne både tekst og bilete setjast saman på skjermen.
Berners-Lee delte idéane fritt. Det same gjorde Marc Andreessen ved Universitetet i Illinois, som snart hadde utvikla Mosaic, ein nettlesar som kunne køyre på både Windows, Mac og Unix. Han hadde navigasjonsknappar, viste grafikk integrert i teksten og hadde tenarprogramvare som gjorde det mogleg ikkje berre å lese, men òg å publisere nettsider.
Du ville nok ha opplevd Mosaic som temmeleg primitiv. Likevel skjønte alle at den nye moglegheita til å kombinere tekst og visuell kommunikasjon var ein revolusjon. Det året Mosaic vart lansert, auka trafikken på verdsveven med 341 000 prosent.
Andreessen starta selskapet Netscape og laga ein forbetra nettlesar. Microsoft kasta seg på konkurransen med sin Internet Explorer. Nettet vart fylt opp med innhald som var interessant for folk flest. Etter berre fire år hadde verdsveven nådd 50 millionar brukarar. For fjernsynet hadde det teke 13 år å nå like mange, og for radioen 38 år.
"Content is king"
Ikkje berre var dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i 1994 "the best winter games ever" (ifølge IOK-president Samaranch). Dei var òg det første OL-et i historia som hadde direkte resultatformidling på internett.
Det var internettleverandøren Oslonett som stod bak, og stuntet gjorde at vanlege folk vart interessert i det nye mediet. Avisene skjønte at dette var noko dei òg kunne ha nytte av.

Dei første norske dagsavisene på nett var lokalavisa Brønnøysunds Avis 6. mars 1995, og Dagbladet to dagar etter. Det var mindre enn eitt år etter at San Jose Mercury News hadde publisert den første nettavisa i USA. I løpet av 1996 hadde dei aller fleste avisene eigne nettsider.
I byrjinga inneheldt dei berre dei same sakene som papiravisa. Men etter kvart kom det innovasjonar som moglegheit for kommentarar og lydar- og videoklipp. Idéen var at det nye mediet skulle hjelpe dei tradisjonelle media til å levere nyheitene raskare, betre og til ei større målgruppe.
"Content is king", hevda mellom anna Bill Gates på denne tida. Det var innhaldet brukarane ville vere villige til å betale for. Nettet var derfor noko dei store, tradisjonelle medieorganisasjonane kunne tene pengar på. Trudde ein.
Internettleverandøren AOL var i 2000 verdsett så høgt at dei kunne kjøpe mediegiganten Time Warner CNN i det som var det største oppkjøpet i forretningshistoria. Det gjekk "åt skogen". Det viste seg at nettbrukarane ikkje var interesserte i å bruke internett slik dei brukte tv, eller betale så mykje som vart kravd. Teknologiaksjane var overpriste, og 13. mars 2000 sprakk det som har blitt heitande dotcom-bobla. Ti år seinare hadde Time Warner og AOL ein samla verdi som berre var ein sjudel av kva han var før bobla sprakk.
Kor stort er nettet?
Det har vore ein ekstrem vekst i mengda informasjon som er tilgjengeleg på nettet. I januar 1996 fanst det 14 351 855 oppførte internettadresser. I januar 2019 var talet på tilbydarar av innhald auka til 1 012 695 272 (Medienorge, 2020). For å finne det vi leiter etter, er vi avhengige av søkemotorar.
Det fanst søkemotorar før Google dukka opp i 1998. Men Larry Page og Sergey Brin laga ein algoritme som gjorde det mykje meir sannsynleg at dei resultata du fekk, var dei som var mest interessante for deg. Andre søkemotorar på den tida dyngde på med innhald for å halde folk på sida slik at dei vart utsette for mest mogleg reklame.

Google er i 2020 eit av dei mest verdifulle selskapa i verda. Dei eig YouTube (som er den nest mest besøkte nettstaden). Dei har utvikla ei rekke tenester som e‑posttenesta Gmail, skylagringa Google Drive, karttenesta Google Maps og Google Books, eit prosjekt som har som mål å digitalisere alle bøkene i verda. Dei har utvikla nettlesaren Google Chrome og operativsystema Google Chrome OS (for pc-ar) og Android (for mobile einingar).
Inntektene får dei hovudsakleg frå reklametenesta Google Ad Sense. Når du gjer eit søk, får du òg opp annonsar som har med søkeordet å gjere. Google tek betalt for å setje annonsøren i kontakt med menneske som allereie har vist interesse for det aktuelle produktet eller tenesta ved å søke etter det.
"Don’t be evil" har vore Googles uoffisielle motto. Som alle dominerande aktørar har dei likevel møtt kritikk. Mange i mediebransjen meiner at Google haustar annonseinntekter for innhald som andre har produsert. Google er i det heile kjent for ein litt fri omgang med opphavsretten, anten dei digitaliserer bøker eller utviklar program. Mange er òg skeptiske til korleis Google bruker (eller misbruker) dei enorme mengdene med data dei etter kvart har samla inn om deg og alle dei andre som nyttar tenestene deira.
Kultur for å dele
I mars 2012 kunne nyheitene fortelje at det 32 bind store leksikonet Encyclopaedia Britannica var komme ut for siste gong. Dermed var det slutt på det eldste engelskspråklege leksikonet, som kom ut første gong i 1768. I Noreg vart papirutgåva av Store norske leksikon lagd ned i 2010.
Rett nok finst begge framleis i nettversjon. Men i 2012 fekk dei konkurranse av Wikipedia, eit digitalt oppslagsverk som blir laga på dugnad, og som alle som ønsker det, kan bidra til.
Wikipedia er eit fenomen som vitskapen faktisk slit med å finne ei god forklaring på. Kva er det som får så mange menneske til å bruke tid og krefter på å skrive artiklar dei ikkje får ei krone betalt for? Det kallast delingskultur og har hatt mykje å seie for at nettet har utvikla seg slik vi kjenner det i dag.
Internett oppstod og utvikla seg i hackarkulturen i 1970- og 1980-åra. Dei var kjende for idealismen og opposisjonen sin mot autoritetar. "Information wants to be free" var mottoet. Det fanst store selskap og offentlege organ som prøvde å styre utviklinga utan å lykkast. "Dei vart knuste av eit nettverk bygd av offentlege forskarar og dataingeniørar som ikkje hadde nokon administrerande direktør, ingen overordna forretningsplan, ingen betalande abonnentar, ingen investeringar i innhald og ikkje noka økonomisk interesse i å samle abonnentar", seier Jonathan Zittrain, ein amerikansk professor i internettjuss, i boka The Future of the Internet — And How to Stop It (2008, s. 7, mi omsetjing).
Delingskulturen til hackarane kom òg til uttrykk i rørsla som kjempa for fri programvare. Operativsystemet UNIX, webserveren Apache, nettlesaren Firefox og kontorprogramvara Open Office er alle resultat av denne.
Då raskare nett og betre komprimeringsteknologi gjorde det mogleg å legge ut musikk- og videofiler på nettet, støtte denne delingskulturen saman med opphavsrettjussen til dei eldre media. Både musikk- og filmbransjen har brukt rettssaker og skyhøge erstatningsbeløp for å få slutt på delinga. Ei einsleg mor med fire barn vart i 2009 dømd til å betale 1,9 millionar dollar for å ha delt 24 songar. Den første musikkdelingsnettstaden, Napster, vart tvinga til å stenge i 2002.
Nye delingstenester dukka opp – og vart stengde i tur og orden. Eit døme er svenske Pirate Bay. Serverane vart konfiskerte, og eigarane vart dømde til eitt års fengsel i 2010.
Mange meiner at dei gamle lovene om opphavsrett ikkje passar i dei digitale media. Alle rettssakene mellom store aktørar som Apple og Samsung viser at også systemet for patentvern treng å bli tilpassa ei ny tid.
Alle kan delta

Filmen Kony 2012 vart lagd ut på YouTube 5. mars 2012. Seks dagar seinare hadde 100 millionar menneske sett han. 58 prosent av amerikansk ungdom mellom 18 og 29 år kjende til han etter berre ei veke. Halvparten av desse hadde høyrt om han i sosiale medium.
Sosiale medium har gjort alle til aktørar. Det byrja med e-post, diskusjonsgrupper og chatting i 1970- og 1980-åra. Etter kvart kom bloggane. Det vi kallar sosiale nettverk, starta med Friendster og Myspace, før Facebook vart lansert i 2004 og raskt vaks til den dominerande møteplassen på nettet. Sidan har nye sosiale medium komme til.
Norske brukarprofilar på sosiale medium i oktober 2020 (Ipsos)
Facebook: 3,6 millionar nordmenn over 18 år
Snapchat: 2,8 millionar nordmenn
Instagram: 2,6 millionar nordmenn
Twitter (X): 1,2 millionar nordmenn
YouTube: 1,8 millionar nordmenn
3,1 millionar nordmenn brukte YouTube månadleg eller oftare.
Deling, ytringsfridom og digitale spor
Terskelen for å delta i dei sosiale media er låg. Ein del nettaviser lar deg kommentere artiklar og dele dei ved "likes" på Facebook. På Spotify kan du la vennene dine følge med på kva musikk du speler, og på Digg kva nettsider du besøker. På YouTube, Vimeo og Flickr kan ein dele videoane og bileta sine berre ved eit klikk på smarttelefonen.
Sosiale medium har gjort det mogleg å spreie bodskap raskt og vidt, og utanfor kontrollen til styresmaktene. Gjennom sosiale medium kan opposisjonsgrupper spreie informasjon om demonstrasjonar, dokumentasjon av overgrep eller bevis på valfusk. Døme er protestar mot presidentval i Belarus og USA, og kampanjar som Metoo og Black Lives Matter. Andre hevdar at dei rett nok gjer det lettare for aktivistar å uttrykke seg, men vanskelegare for det dei uttrykker, å gjere inntrykk på folk.
Kina har stengt ute dei vestlege sosiale netta. Der dominerer deira eigne tenester QZone og Sina Weibo.
Når vi bruker internett, legg vi igjen digitale spor. Mange er engstelege for kva som skjer med all informasjonen dei sosiale nettstadene etter kvart skaffar seg om brukarane. I 2018 vart det derfor innført ei ny lov som gjennomfører EUs personvernforordning (GDPR) i Noreg. Her blir det krav sett til gyldig samtykke frå dei som gir frå seg personopplysningar på nettet.
Digitalt landsbyliv
28. november 2010 byrja fem aviser i fem land å trykke ein serie med konfidensielle telegram frå den amerikanske utanrikstenesta, som dei hadde fått av varslarnettstaden WikiLeaks. I Midtausten vart folk rasande då dei fekk dokumentert kor korrupte styresmaktene var. Presidenten i Tunisia var den første som måtte gå av, før opprøret spreidde seg til Egypt, Libya og andre arabiske land. Mange meiner òg at lekkasje av Hillary Clintons e-postar førte til at Donald Trump vann presidentvalet i USA i 2016.
Sjå NRK Supernytt om WikiLeaks.
Dei elektroniske media (radio og tv) har gjort verda til ein "global landsby", sa medieforskaren Marshall McLuhan i 1962. Men i dei elektroniske media var det portvaktene i medieorganisasjonane som bestemde kva som skulle delast. Dei digitale media sette folk i direkte kontakt med kvarandre.
Det er først no vi verkeleg kan snakke om verda som ein global landsby. Vanlege menneske møtest over avstandar og kulturkløfter som før heldt dei skilde. Det fører til ei blomstringstid for nye idéar og spennande kulturuttrykk, men òg til at grupper kjenner seg krenkte.
Når menneske med framand kulturbakgrunn slår seg ned i eit lite lokalsamfunn, tek det tid å bli kjende med kvarandre. Slik er det i den globale medielandsbyen òg. Protestar og opprør som følge av ytringar på nettet viser at vi enno har eit stykke å gå.
Det tok mange generasjonar frå trykkarevolusjonen starta, til trykkefridom var etablert som eit urokkeleg prinsipp. I dag handlar kampen om kva prinsipp som opphavsrett, uttrykksfridom og nettnøytralitet skal innebere i dei digitale media. Enno veit vi ikkje kva utfallet vil bli av denne revolusjonen.