Vignetten – augedrops
Teksten "Vi har mord. Biblioteket." kjem gradvis fram til slutt i filmen. Video: Atle Kold Hansen, Sveinung Igesund / CC BY-NC-SA 4.0
Riktig og unik
Utforminga av vignetten må vere riktig i samanheng med tema og innhald. Vignetten skal òg gi ei riktig estetisk formidling av kva for sjanger hovudinnhaldet høyrer til. Ein vignett må samtidig vere unik for å skilje seg frå andre produksjonar.
Korleis lage noko unikt og samtidig riktig? Det blir ofte lagt ein god del ressursar ned i å produsere vignettar, og den kreative prosessen blir særleg lagt vekt på. Filmen, serien eller TV-programmet må få ein identitet som står tydeleg ut frå alle andre. Det er eit kvalitetsteikn for heile produksjonen at vignetten er god.
Verkemiddel
Verkemidla kan variere. Vi ser typografi, men får ikkje nødvendigvis med oss namna som står der. Tittelen har gjerne ei vanleg ordtyding. Men ordbiletet, utforminga, altså designet, gir oss meir.
Like viktig som typografi er lydsporet til ein vignett. Det kan variere frå ein kjend låt, spesialskriven musikk, effektlyd eller ei blanding av desse. Men de same kriteria gjeld her: Sjåaren må setjast i rett stemning.
Ein god grunnleggande visuell idé må jobbast fram. Grafiske animasjonar, filming, klipping og fargebruk må planleggast, produserast og veljast ut med omhug og setjast saman med typografi og lyd for å gi publikum ein god kickstart.
Forteljing i vignetten

Vignetten kan vere ein subtil kortversjon av heile forteljinga. I vignetten til Mad Men fell ein silhuett av ein mann mellom store skyskraparar. Han fell i roleg, sakte flyt. Han fell forbi reklameplakatar. Han fell heile tida inntil sluttbiletet, der han sit i ein sofa med ein drink. Mannen har altså ikkje blitt knust mot gata. Men det draumeaktige, evige fallet har vi med oss. Dette er eit godt bilete eller samandrag av innhaldet i serien. Alt går gale, men det ordnar seg, så vidt.
Heilskapen i eit tv-program
I produksjonar av tv-nyheiter er det viktig at kanal-, nyheits- og sportsprofil står godt til kvarandre. NRK bruker mykje blåfarge og ein sirkel som grafiske grunnelement, både på hovudkanalen og nyheiter og sport. Vignetten til NRK-nyheitene ligg veldig nær kjernen og hovudprofilen til kanalen.

Estetikken og den grafiske utforminga til vignetten held dessutan fram vidare inn programmet. Studiodesign, nyheitsgrafikk og vignett er utforma som ein heilskap. Det skal ikkje vere nokon tvil for publikum kven det er som er formidlar.
Musikk i vignett
Musikken og lyden i vignetten til eit tv-program skal også gi identitet og eigenart. Lyden har ein hook, eller melodi. Når du høyrer lyden, skal du ikkje vere i tvil om kva for program som startar.
Sjå og lytt
Vignetten til Dagsrevyen på NRK har eit karakteristisk lydspor.