Tekstbaserte kommandoar i Linux - Teknologiforståing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Tekstbaserte kommandoar i Linux

Tekstbaserte brukargrensesnitt er uvanleg for vanlege brukarar, men er viktige for mange som driv med utvikling og serverdrift. Styring gjennom tekstkommandoar gir enorm fleksibilitet og låg ressursbruk, men tek tid å bli vand med.

Arbeid mot eit tekstbasert brukargrensesnitt krev tovegs kommunikasjon. Brukaren sender kommandoar til systemet, og systemet sender tilbake resultat eller spørsmål. Det er derfor viktig både å vite korleis ein sender kommandoar som systemet forstår, og korleis ein tolkar tilbakemeldingane.

I denne artikkelen blir døme viste ved hjelp av Bash, som er den leiande varianten av tekstbaserte styringssystem for Linux.

Tolke ledetekst (command prompt)

Når maskina er ferdig logga på lokalt eller gjennom terminal/SSH, byrjar systemet med ein gong å gi oss informasjon. For Ubuntu Linux blir ofte ei slik linje vist først:

Bash
1bruker@webserver:~$ 

Denne linja gir oss fleire delar med informasjon som kan vere nyttige. Ho fortel kva brukar som er logga på og aktiv, og kva maskin som er logga på. Vidare får vi beskjed om kvar i filsystemet vi er.

Tilde-teiknet "~" seier at brukaren er plassert i si eiga heimemappe. Til sist blir det vist eit blinkande felt som viser at maskina ventar på kommando frå brukaren.

Tilbakemeldinga vi får gjennom ledeteksten, forandrar seg etter kvart som vi byter brukar, tilkopla maskin og plassering i filsystemet. Prøv dette ved å skrive inn kommandoen under:

Bash
1cd /

Kommandoen flyttar deg til rotmappa ( / ). Dette er det øvste nivået i Linux filsystem. Som du kan sjå på biletet under, forandra leieteksten seg frå "~" til "/" fordi vi no er i rot-katalogen.

For å gå tilbake til heimekatalogen kan følgande kommando brukast:

Bash
1cd ~

Oppbygging av Linux-kommandoar

Mykje av styrken og fleksibiliteten med eit tekstbasert brukargrensesnitt er korleis kommandoar kan modifiserast med tillegg og parametrar.

Bash
1ip addr

Kommandoen over kan delast inn i følgande delar:

Programmet "ip" blir køyrt med parameteren "addr". Dette vil gi oss IPv4 og IPv6-adressene til nettverkskorta i maskina.

Kommandoen kan utvidast på fleire måtar. Ein vanleg måte å utvide på kan vere å redirekte svaret til ei fil:

Bash
1ip addr > /home/bruker/ipadresse.txt

Kommandoen har då dei delane som blir viste i biletet under.

For å sjå på innhaldet i fila kan vi bruke følgande kommando:

Bash
1nano /home/bruker/ipadresse.txt

Denne køyrer programmet Nano, som er eit skriveprogram, og opnar fila som nettopp vart laga.

For å komme ut av skriveprogrammet Nano trykker du på (Ctrl + X). Viss du har gjort forandringar i dokumentet, blir du spurd om du ønsker å lagre forandringane.

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2024