Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Datamaskinen sine komponentar

Oppgåve

Planlegge delar til sjølvbygd datamaskin

Å bygge si eiga datamaskin er spennande og gøy, men mange gruer seg til det fordi ein lett kan kjøpe feil eller ukompatible delar, eller ein kan gjere feil som øydelegg komponentar under oppsettet. I denne øvinga skal du planlegge delane til ei sjølvbygd datamaskin.

Dette lærer du

  • Du skal planlegge ei komplett sjølvbygd datamaskin som vil fungere i praksis.

  • Det er viktig å finne gode kjelder til informasjon om datadelar og spesifikasjonane deira.

  • Du skal samanlikne delar og velje dei mest aktuelle til ein sjølvvald case.

Tydelege mål og grundig research er nøkkelen

Ei sjølvbygd datamaskin er sjeldan billigare enn ei ferdigbygd maskin. Det er òg meir risiko knytt til sjølvbygde maskiner og mindre hjelp å få om noko går gale. Men ei sjølvbygd maskin kan i større grad skreddarsyast til brukaren.

Nøkkelen for å få til dette er å vite kva som er behova som maskina skal dekke, og å ta seg god nok tid til å undersøke grundig kva alternativ som finst der ute.

Steg 1: Vel deg scenario eller bruk ditt eige

Bruk eit av scenarioa som du finn i nedtrekksvindauget. Om du ønsker å bygge ei maskin til seg sjølv, kan du i staden bruke dine eigne behov som utgangspunkt.

Scenario

1. Karina ønsker seg ei gamingmaskin

Karina ønsker ein ny gamingrigg. Ho har sett av 40 000 kroner til han, men ønsker sjølvsagt å bruke mindre om det er praktisk mogleg. Ho speler mest moderne FPS-spel og ønsker ei responsiv maskin som passar godt til dette. Det er viktig for henne at maskina er nyaste generasjon.

I tillegg til sjølve maskina treng ho òg skjerm, tastatur og mus og anna utstyr du meiner er nødvendig. Det viktigaste for henne er at maskina gjer det ho skal, men om det ikkje går ut over kapasiteten, vil ho gjerne ha ei kvit eller nøytralt utsjåande maskin.

2. Espen ønsker seg ei strøyme- og videoredigeringsmaskin

Espen strøymer til Twitch, han strøymer ei blanding av reaksjons- og chatstraumar. Han ønsker seg ein ny strøymerigg som han òg kan bruke til å redigere opptak med. Han har i dag ei maskin med 16 GB RAM og synest det er for lite.

Han kan bruke 20 000 kroner på maskina og 10 000 kroner på eit nytt kamera og mikrofon.

Han poengterer at det er viktig at han har rikeleg med lagringsplass. Han har skjerm og tastatur/mus/headsett som han er fornøgd med.

3. Leisa ønsker seg ei gamingmaskin ho kan ha med på LAN

Leisa liker å vere med på LAN. Ho har ei gamingmaskin heime, men denne er for stor til å få med seg på LAN. Ho vil bruke 1417 000 kroner, og ønsker seg ei lett mini-ITX-maskin som ho kan spele enkle spel på. Maskina treng ikkje vere nyaste generasjon, men bør fungere greitt òg i åra som kjem. Ho har skjerm og tastatur/mus/headsett frå før.

4. Henrik ønsker seg kontormaskin med fancy fargar

Henrik liker datamaskiner som ser fine ut, med mykje RGB-lys. Han bruker maskina mest til YouTube, Netflix og enkle kontorprogram som Office. Han vil ha ei maskin med tilbehøyr for under 12 000 kroner.

Steg 2: Lag kravspesifikasjon

Lag ei liste over krav til oppsettet du skal designe. Bruk detaljar frå senarioa og di eiga forståing og erfaring.

Kva er ein kravspesifikasjon?

Ein kravspesifikasjon listar opp spesifikke krav til oppsettet. Dette gjer det lett å sjekke undervegs om delane du tenker å bruke, vil dekke krava eller ikkje. Dette sparer deg tid og sikrar at du får dekt alle krava. Eventuelt kan du gå tilbake til kunden og seie at krava ikkje kan dekkast av det aktuelle budsjettet, som lett kan skje i verkelegheita òg.

Døme på krav

Du må skaffe deg oversikt over

  • prissjikt

  • fysiske krav til kabinett (Kan maskina vere stor, eller må ho vere liten?)

  • prosessorkraft (Kva skal maskina brukast til?)

  • skjermkort (Skal maskina vere ei gamingmaskin? Kva slags gaming skal ho brukast til? Må skjermkortet vere det nyaste og raskaste?)

  • lagring/lagringsfart (Treng maskina mykje SSD-plass? Kva med anna lagring?)

  • mengda arbeidsminne (RAM)

  • moglegheiter for oppgradering

  • delar (Er det viktig at maskina bruker delar frå nyaste generasjon, eller kan eldre eller billigare delar brukast? Trengst det spesielle delar?)

Steg 3: Gjer undersøkingar og finn aktuelle delar

Når du har kravspesifikasjonen, kan du byrje å gjere undersøkingar på nettet etter relevante delar. Sjå i nettbutikkar og sjå etter ytingsmålingar og samanlikningstestar (benchmarks) av delane du vurderer.

Kompatibilitet

Prosessor (CPU), hovudkort og arbeidsminne (RAM) må vere kompatible med kvarandre for å fungere. Ulike RAM-brikkegenerasjonar (DDR4 og DDR5) vil ikkje fungere om kvarandre. Det same gjeld prosessorar og hovudkortet.

Tips

Start med til dømes prosessoren og la denne bestemme kva hovudkorttype og RAM du kan bruke.

Steg 4: Lag rekneark med delar og prisar

Set saman eit enkelt rekneark med delane du ønsker å bruke i oppsettet ditt.

Inkluder komponentbeskriving (til dømes hovudkort, skjermkort, prosessor), modellnamn og nummer og prisane på kvar komponent du ønsker å ha med i oppsettet ditt.


Steg 5: Test løysinga og gjer eventuelle revideringar

Bruk ein praterobot til å teste om løysinga di vil fungere. Gi han lista over deler og prisar og be han sjekke for om delane er kompatible.

Du kan òg spørje prateroboten om han har spesifikke forslag til forbetringar innanfor budsjettet du har.

Revider lista di om nødvendig.

Steg 6: Set saman svaret

Når du er fornøgd med delelista di, set du saman eit enkelt dokument med desse delane:

  • casebeskrivinga du har valt

  • kravspesifikasjonen du laga

  • kort beskriving av undersøkingane du gjort

  • delelista med prisar

  • ein kort gjennomgang der du greier ut for om kravspesifikasjonen vart følgd i oppsettet

Endå betre dokumentasjon?

Om du ønsker å ta dokumentasjonen din eit steg vidare, kan du gjerne

  • legge inn nokre bilete av komponentane du ønsker å kjøpe

  • gi alternativ (kan vere relevant dersom enkeltkomponentar ikkje er på lager)

  • ta med relevant benchmark-data for enkeltkomponentar

  • legge ved kjeldeliste med lenker

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist oppdatert 31.10.2025