Navigere tekstbasert i Linux
Virtuelt filsystem i Linux
For å kunne navigere seg rundt er det viktig å forstå korleis filsystemet er strukturert. Ulike operativsystem handterer dette ulikt. Til dømes har Windows sitt operativsystem eit separat filsystem for kvar enkelt partisjon (ein harddisk kan ha éin eller fleire partisjonar).
Synlege partisjonar får ein stasjonsbokstav (til dømes C: eller D:), og kvar av desse har sitt eige filsystem. Som standard blir (C:)-partisjonen brukt til Windows-installasjonen, og her finn vi standard plassering for installerte program og heimeområde for brukarane. Men det er òg mogleg å legge dette på andre partisjonar som kan vere på heilt andre diskar.
I Windows er det derfor fint mogleg å ha dokument med same namn og mappenamn så lenge dei ligg på ulike partisjonar, til dømes (C:dokument\tekstdokument.txt) og (E:dokument\tekstdokument.txt).
Linux har handtert filsystemet på ein annan måte. Dei bruker eit virtuelt filsystem som startar med ei rotmappe (/). Rotmappa (/) er montert til partisjonen med Linux-installasjonen. Under rotmappa ligg undermapper og filer i ein trestruktur på same måte som vi er vande med frå Windows.
Andre partisjonar og harddiskar kan monterast kvar som helst under rotmappa (/). Til dømes kan dette gjerast som i tabellen under:
Partisjon nr. | Monteringspunkt |
|---|---|
harddisk 1 partisjon 1 (Linux-installasjonen) | / |
harddisk 2 partisjon 1 | /sikkerheitskopi |
harddisk 2 partisjon 2 | /sikkerheitskopi/kopi-av-kopi |
Monteringspunkt til andre partisjonar blir styrt av brukaren. Dette gir mykje fleksibilitet, men kan vere forvirrande for brukarar som er vande med eit Windows-miljø.
For å vise fram filtreet som er i Linux, kan vi bruke eit program som heiter tree. Bruk kommandoane under for å installere og køyre det. Det er sannsynleg at du må oppgi passord og stadfeste installasjonen av programmet.
1sudo apt install tree 2tree / -L 1 -d
Resultatet ditt vil sannsynlegvis likne det som blir vist under. Her blir alle mapper under rot (/) lista opp. Dei lyseblå punkta er snarvegar som peiker til mapper som ligg ein annan stad i filsystemet.
Absolutte og relative adresser
Når du arbeider i eit tekstbasert brukargrensesnitt, treng du ofte å beskrive plasseringa av filer og mapper. Til no har vi gjort dette med absolutte adresser.
Ei absolutt adresse inneheld den fullstendige filadressa til ei fil eller mappe og startar dermed alltid med rotmappa (/).
I dømet under er vi pålogga med ein brukar som heiter "bruker", og det ligg ei fil i heimemappa til denne brukaren som heiter "IPAdresse.txt"
Viss ein skal opne denne fila i skriveprogrammet Nano ved hjelp av ei absolutt adresse, blir adressa som følgande:
1nano /home/brukar/ipadresse.txt
Viss brukaren "bruker" allereie står i heimemappa si (/home/bruker), kan ei relativ adresse brukast i staden. Den relative adressa inneheld berre forskjellen i plassering frå kvar brukaren står når kommandoen blir brukt.
1nano ipadresse.txt
Viss fila hadde lege i ei undermappe frå der du står, til dømes (/home/bruker/filer), ville den relative adressa ha vore som følger:
1nano filer/ipadresse.txt
Fordelen med relative adresser er at dei tek mykje kortare tid å skrive inn. Ulempa er du må vere på rett stad i filsystemet for at dei skal fungere.
Viktige kommandoar for navigering i Linux
Sjå plassering i filsystemet
Som oftast vil plasseringa di vere mogleg å lese ut av leieteksten som maskina gir deg. Men viss dette ikkje er tilgjengeleg, kan kommandoen (pwd) brukast for å få fram plasseringa i filsystemet.
Flytte plassering i filsystemet (change directory)
Når du loggar deg inn i Linux, vil plasseringa di mest sannsynleg vere heimemappa til brukaren din, til dømes (/home/bruker). For å flytte deg til andre mapper i filsystemet kan du bruke kommandoen (cd) etterfølgd av plasseringa du ønsker å flytte til.
Det er mogleg å bruke både relative og absolutte adresser når du skal navigere deg rundt. Her viser vi døma med absolutte adresser.
I dømet under står brukaren i heimemappa si (/home/bruker) og flytter seg over til mappa (/etc/dhcp).
1cd /etc/dhcp
I skjermbiletet under er resultatet av kommandoen.
Liste opp filer og mapper
Kommandoen (ls) lister opp innhaldet i mapper. I den enklaste forma si listar denne opp alle filer og undermapper frå den mappa du står i. Kommandoane i dømet under flyttar den pålogga brukaren til rot (/) og køyrar så (ls)-kommandoen.
1cd / 2ls
Resultatet kan bli slik:
For å få meir informasjon kan du bruke tillegg som (-la).
1ls -la
Resultatet frå denne kommandoen kan sjå slik ut:
Det er òg mogleg å liste opp innhald i mapper du ikkje står i, ved hjelp av ei absolutt adresse:
1ls /etc