Leietekstar og generering av KI-bilete - Teknologiforståing (IM-IKM vg1) - NDLAHopp til innhald
Veiledning
Leietekstar og generering av KI-bilete
Gode KI-genererte bilete avheng av ein godt skriven leietekst (prompt). Her får du tips og døme på korleis du lagar vellykka leietekstar ved biletgenerering.
Korleis leietekst blir til genererte KI-bilete
KI-modellar for biletgenerering blir trente opp ved hjelp av ei stor mengde ekte bilete med tilhøyrande stikkord (tags). Stikkorda er ofte enkle og som oftast på engelsk, som "tiger, cub, walking, looking at camera", og dei beskriv det sentrale i kvart bilete.
Når ein KI-modell har sett dei same stikkorda fleire gonger (fordelt på forskjellige bilete), vil han klare å kople dei med det som blir vist, og finn ut kva for variasjonar som er naturlege innanfor kvart stikkord.
Eit døme er at hundar kan ha ulike storleikar og fasongar, men at alle hunderasar har fire bein, hale, to øyre og ein snute. Dersom du er meir spesifikk, til dømes med stikkordet dalmatinar, vil modellen få med det meir spesifikke for dalmatinarar, som dei mørke flekkane, den korte pelsen og storleiken.
Å formulere leietekstar
Foreløpig er dei fleste KI-biletmodellar trente på engelske stikkord (tags). Med mindre ein spesifikk modell eller ei teneste reklamerer med språkstøtte til andre språk, tilrår vi derfor at du bruker engelske stikkord når du skal lage leieteksten din.
For å lage gode leietekstar må du vite kva for stikkord du ønsker modellen skal fokusere på, når han genererer.
Her er nokre tips til korleis du kan arbeide med leietekstar:
Skriv nøyaktige beskrivingar.
Ikkje lag for lange leietekstar.
Generer fleire bilete med same leietekst.
Gjer små variasjonar i leieteksten og generer nye bilete for kvar gong; test deg fram.
Studer andre sine leietekstar og biletresultat for å få inspirasjon til kva som kan vere med i ein leietekst.
Språkmodellen vil generere ulike bilete for kvar bestilling sjølv om du ikkje endrar leieteksten, og forskjellige KI-modellar vil respondere ulikt på dei same leietekstane.
Beskriving av bilettype og stil
Kva vil du lage? Skal det sjå ut som eit fotografi, eit oljemåleri eller kanskje ein akvarell? Skal biletet vere i fargar, gråskala eller svart-kvitt? Er det ein bestemd stil du ønsker at biletet skal ha?
8-bit art, abstract expressionism, African art, Art Deco, Art Nouveau, Baroque, Byzantine art, Chinese brush painting, classical art, conceptual art, Constructivism, Cubism, cyberpunk art, Dadaism, digital art, Egyptian art, Expressionism, fantasy art, fashion illustration, Fauvism, Futurism, geometric abstraction, Gothic art, hyperrealism, Impressionism, modern art, Pop Art, Renaissance, Rococo, romantic landscape, Romanticism, street art, surrealism, symbolism, tattoo art, vaporwave, watercolour painting
Spesifikk og generell beskriving av motiv
Kva motiv vil du ha på biletet? Her kan du anten vere veldig spesifikk, til dømes "photo of a large black dog and a small brown dog walking together", eller du kan vere meir generell: "photo of two dogs on a trip".
For mange beskrivingar kan forvirre modellen og gjere at bileta ikkje blir gode. Forsøk derfor å vere konsis og avgrens kva du ønsker å vise i biletet.
Presise adjektiv
Kombinerer du val av motiv med presise adjektiv, aukar sannsynet for eit godt resultat av biletgenereringa.
Dersom ein eller fleire personar skal visast i biletet, bør du skrive nøyaktige beskrivingar. Dersom motivet er i rørsle, bør du beskrive rørsla.
Døme på portrettbeskrivingar
action shot, beauty shot, candid action shot, candid portrait, character portrait, close-up portrait, couple portrait, dramatic portrait, environmental portrait, family portrait, formal portrait, full body portrait, glamour portrait, group portrait, half-body portrait, headshot, high-key portrait, informal portrait, lifestyle portrait, low-key portrait, profile portrait, self-portrait, silhouette portrait, studio portrait, three-quarter portrait
Beskriv omgivnadene til motivet
Kva er omgivnadene i biletet? Korleis isceneset du motivet ditt? Er det ein storby eller ei sandstrand? Hugs at du òg kan definere bakgrunnen for motivet som uklar eller kvit.
Døme på omgivnader
abandoned carnival, African savannah, alien landscape, Alpine meadow, Amazon rainforest, ancient ruins, ancient temple, Antarctic ice shelf, Arabian desert, Arctic tundra, autumn woods, bamboo forest, canyon river, castle drawbridge, castle ruins, castle on a hill, cherry blossom grove, coastal cliffs, coral atoll, countryside farm, crystal caves, cyberpunk alley, cyberpunk dystopia, dark alley at night, deep space nebula, desert dunes, desert mirage, desert oasis, enchanted forest, fields of lavender, firefly-lit garden, forgotten cemetery, frozen wasteland, futuristic cityscape, ghostly shipwreck, Gothic cathedral, Gothic cemetery, Greek island village, Greek ruins, haunted forest, haunted mansion, hidden gorge, hidden waterfall, industrial factory, Japanese tea garden, lush forest, Martian landscape, Mayan pyramids, medieval castle, Mediterranean villa, misty swamp, modern art gallery, mountain lake, Nordic fjords, northern lights, old fishing village, pirate cove, rainbow waterfall, redwood forest, Renaissance courtyard, Roman amphitheatre, rustic cabin, rustic covered bridge, rustic windmill, savannah, savannah grasslands, sci-fi space station, snow-covered mountains, space colony, starlit night sky, steampunk city, Stonehenge, subterranean labyrinth, suburban neighbourhood, sunflower fields, sunset pier, Swiss Alps, tornado storm, treetop canopy, tropical beach, underground bunker, underground caves, underwater coral reef, underwater grotto, urban alleyway, Viking longship, vineyard in fall, volcanic crater, Wild West saloon, Zen garden
Plassering av detaljar i leietekstar
Prøv deg fram for å finne ei plassering av detaljane i biletet du genererer. Detaljar om fargar, type belysning, fokuspunkt og stemning hamnar ofte mot slutten av ein leietekst. Ofte kan det gi gode resultat å plassere viktige detaljar tidleg i leieteksten.
Fotofaglege detaljar
Fotofaglege beskrivingar som djupneskarpleik (narrow, shallow eller deep depth of field) kan vere hjelpsame. Beskrivingar henta frå kamerainnstillingar, som lukkartid "F.1.8" eller "F.20", beskriving av linsetype eller ISO-verdiar kan òg leggast inn i bestillinga av eit bilete.