Korleis fungerer lagring?

Kva kan du om lagringseiningar?
Forklar med eigne ord kva ei lagringseining i ei datamaskin er, og kva ho gjer.
Korleis er lagringseiningar som harddiskar (HDD eller SSD) forskjellige frå arbeidsminne (RAM)?
Kva for ei lagringseining har du i di datamaskin, og kva spesifikasjonar kan du finne om ho? (Namn og modellnummer kan du ofte finne i "System"-informasjonen på Windows eller "Om denne maskinen" på Mac).
Dei fleste datamaskiner bruker i dag flashminne (SSD). Kva er styrkane til SSD, og kva er svakheitene?
SSD-ar har som oftast haldbarheit oppgitt i TBW. Kva betyr dette?
Mekaniske/magnetiske harddiskar (HDD) er i dag mindre brukt i vanlege klientmaskiner, men blir enno brukt mykje i serverar. Kvifor?
Vel deg eit merke som produserer mekaniske/magnetiske harddiskar (HDD). Sannsynlegvis vil du finne mange versjonar med forskjellig kapasitet. Vel ti modellar frå låg til høg kapasitet. Lag eit rekneark som viser pris per GB for kvar av harddiskane. Kva seier prisane deg?
Fordjupingsoppgåver
Flashminne (SSD) vil ofte ha ei høg oppgitt skrive- og lesehastigheit. Dersom du kopierer store enkeltfiler inn til SSD-en, kan du oppnå desse hastigheitene, men som oftast berre for ein kort periode. Etter dette fell skrivehastigheita vesentleg. Kvifor skjer dette?
Gå til ein nettbutikk og søk etter M.2 SSD-ar som har lagringsplass på 2 TB. Finn den billigaste og dyraste. Svar deretter på desse spørsmåla:
Kva er prisforskjellen mellom billigast og dyrast SSD?
Sjå på spesifikasjonane til SSD-ane. Kva er forskjellig, og kva er likt?
I kva tilfelle ville du kjøpt den billigaste eller dyraste av desse SSD-ane?
Bedrifter bruker ofte å destruere gamle SSD-ar framfor å slette og gjenbruke eller selje dei. Kvifor? Korleis er dette annleis enn med mekaniske/magnetiske harddiskar (HDD)?
Relatert innhald
Lagringseiningar er dei permanente lagera til filer og program i datamaskinen.