Hurtigtastar i medieprogramvare
PC vs. Mac
Om lag 80 prosent av datamaskinbrukarar på verdsbasis bruker pc, medan om lag 15 prosent bruker Mac, i følgje Statcounter (september 2019). Derfor er oversikta laga med hurtigtastar for pc-brukarar. Har du Mac, bruk command i stadene for Ctrl.
Foto (Photoshop og Gimp)
Adobe Photoshop er bransjeprogrammet for bileteredigering. Gimp er eit gratis og ope bileteredigeringsprogram som kan hentast ned frå Gimps nettside. Det har delvis same funksjonalitet som Photoshop.
Grafisk design (InDesign og Illustrator)
Det vanlegaste programmet for å jobbe grafisk med å kombinere tekst og bilete, er InDesign. Viss du skal lage logoar eller uttrykk som du ønsker å ha i vektor slik at det kan bli stort, eller moglegheita til å lagre i svg-format, bruker du Illustrator.
Lydredigering (Audition og Audacity)
Audition er eit lydredigeringsprogram laga av Adobe. Eit gratis, ope alternativ er lydredigeringsprogrammet Audacity, som kan lastast ned frå nettet.
Videoredigering og animasjon
Premiere er ei mykje brukt videoprogramvare, og ho er ein del av Adobe-pakka. After Effects kan brukast til å lage animasjonar eller kombinere video og grafikk.