Arbeidsminne i teori og praksis

Kva kan du om arbeidsminne?
Bruk eigne undersøkingar og artikkelen "Arbeidsminne (RAM)" for å svare på oppgåvene under.
Undersøk arbeidsminnet (RAM) på datamaskina di.
Kor mykje RAM er installert på datamaskina di?
Kor mykje RAM er ledig for bruk?
Kva program som køyrer på maskina di, bruker mest RAM?
Kva meiner vi med at RAM er flyktig?
Lag ei liste over tre ting som er viktige å hugse når du skal kjøpe inn RAM til ei datamaskin.
Kor mykje RAM meiner du ei ny datamaskin bør ha?
Forskjellige prosessorar støttar ulike minnekanalar. Undersøk ein prosessor for ei vanleg datamaskin og ein som er laga for ein server, og samanlikn talet på minnekanalar og RAM-støtta desse prosessorane har. Kva er forskjellane?
Ei maskin med to minnekanalar kan gjerne ha fire soklar for minne. Kva skjer dersom alle blir brukte og minnekanalen blir delt mellom to RAM-modular?
RAM-hastigheit er ofte gitt med klokkefrekvens i megahertz (MHz) eller overføringshastigheit i Megatransfers per second (MT/s). Kva er forskjellen på desse, og korleis kan vi rekne mellom dei?
Fordjupingsoppgåver
RAM som blir seld, har ofte ein CL-verdi, til dømes CL36-44-44. Kva betyr desse tala?
Kva er ein RAM-disk, og i kva tilfelle var/er dette eit nyttig verktøy?
Ein del datamaskiner har prosessor (CPU) med integrert grafikkprosessor (iGPU). Desse komponentane deler då på RAM. Dette går under namn som Shared Memory, Unified Memory og Heterogeneous Unified Memory. Kva er fordelane og ulempene med ei slik deling av minne?
RAM inkluderer ofte førehandsdefinerte profilar for hastigheit, straumspenning og timingar. Døme på dette er XMP for Intel og EXPO for AMD. Kva gjer desse profilane, og kva er fordelane og ulempene ved å bruke slike profilar?
Før moderne RAM hadde vi fleire andre typar flyktig og permanent minne. Skriv litt om ein av desse typane:
Magnetic drum memory
Williams Tube
Magnetic Core Memory
Acoustic Delay Line Memory
Relatert innhald
Prosessoren bruker arbeidsminne (RAM) for mellomlagring av program som køyrer på maskina og dataa som programma bruker.