Sikker jobbanalyse

Kvifor gjere ein sikker jobbanalyse?
Vi gjer ein sikker jobbanalyse (SJA) når eit arbeidsoppdrag har risikofaktorar som vi må kartlegge før oppstart. Risikofaktorar er alle forhold i arbeidet som kan føre til personskadar, helseplager eller sjukdom.
Arbeidsmiljølova pålegg alle verksemder å kartlegge slike risikofaktorar. Les meir om dei generelle krava hos Arbeidstilsynet: Risikovurdering.
Korleis gjere ein sikker jobbanalyse?
Offshore Norge har utarbeidd felles tilrådde retningslinjer for korleis analysen skal gjennomførast i olje- og gassindustrien: Offshore Norge: Anbefalte retningslinjer for felles modell for sikker jobbanalyse (SJA).
Analysen går føre seg i eit eige møte der heile arbeidslaget deltek:
områdeansvarleg
skiftleiar
utførande personell
eventuelt ein representant frå HMS-leiinga om bord
I møtet kartlegg vi risikofaktorane og finn ut kva tiltak som må på plass for å hindre at noko alvorleg skal skje. Risikofaktorane og tiltaka skal skrivast i eit SJA-skjema. Sjå døme på eit SJA-skjema frå Offshore Norge under.
- SJA-skjema(PDF)
Til hjelp i kartlegginga: risikomatrise
I møtet deler vi opp arbeidsoppdraget i deloppgåver og finn ut kva som kan gå gale. Mange bedrifter bruker ei risikomatrise som hjelp til å kartlegge risikofaktorane. Her kan vi vurdere og krysse av om det er lågt, middels eller høgt sannsyn for at noko alvorleg skal skje, og om det er låg, middels eller høg fare for alvorlege konsekvensar.
Ein risikoanalyse blir god når kvar enkelt i møtet bruker kompetansen sin til å vurdere moglege farar ved jobben som skal utførast, og dessutan kva tiltak som bør gjennomførast.
Tiltak kan til dømes vere sperringar, vakthald, stenging av system eller stans i tilstøytande aktivitetar.
Vi signerer og gjennomfører tiltaka
Når risikofaktorane og tiltaka har blitt skrivne inn i SJA-skjemaet, må alle i møtet
signere på skjemaet
gjennomføre tiltaka før arbeidsoppstart
Undervegs i arbeidet må alle vere merksame på både eigen sikkerheit og sikkerheita til andre. Det er viktig fordi uføresette situasjonar kan oppstå sjølv med ein god SJA.
Sjå film om SJA
Sjå filmen Sikker jobbanalyse (lengde 4:07) på YouTube. Filmen viser korleis vi kan gjennomføre ein sikker jobbanalyse og minske risikoen for at farlege situasjonar eller hendingar oppstår.
Diskuter:
Vel dykk ut eit arbeidsoppdrag som skal gjennomførast. Kva kan gå gale?
Kva tiltak kan de gjere for å minske risikoen for at det skjer noko gale?
Kva vil de gjere dersom det likevel skjer noko uventa undervegs i arbeidet?