Fagstoff
Video
Produksjonsprosessen: Kva skjer bak fabrikkveggene?
Produksjonsprosessen er det som skjer frå kundebestilling til ferdig produkt. Men kva skjer eigentleg i ei bedrift under produksjonen?

Ein produksjonsprosess kan bestå av mange ledd og arbeidsoppgåver. Kva trur du skjer på dei ulike arbeidsstasjonane?
Film om produksjon av ei transportkasse
I denne filmen (lengde 8:44) følger vi musikaren Tore som vil ha ei trygg transportkasse for bassgitaren sin. Filmen viser heile prosessen frå kunden bestiller til han får transportkassa levert. Vi blir med på teikneprosessen, skjering og montering og innreiinga av det ferdige produktet.
Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0
Film om produksjon av ei pappeske
I filmen under (lengde 17:29) får vi vere med til bedrifta Norsk Emballasje AS når dei skal produsere ei spesialtilpassa pappeske for ein drone.
Vi får innblikk i korleis ei slik pappeske blir teikna, korleis innvendig støttemateriell blir produsert, og korleis sjølve pappeska blir printa, skoren og bretta.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0