Forklaringsartikkel
M02
M02 er ein M-kode i CNC-programmering som markerer slutten på eit program. Koden stoppar maskina, men nullstiller ikkje verktøy eller koordinatar.
Døme på ISO-kode som blir nytta ved programmering av ein CNC-styrt maskin. Kva for ein programkode stoppar dette programmet?
Avslutning av CNC-program
I CNC-programmering blir M02 brukt til å indikere at programmet er ferdig. Når maskina les M02, stoppar ho alle rørsler og slår av spindelen og kjølevæska, men ho nullstiller ikkje programvariablar eller arbeidskoordinatar.
M02 blei tidlegare brukt oftare, men i moderne CNC-maskiner er M30 meir vanleg. M30 fungerer nesten likt, men koden tilbakestiller også programteljaren slik at programmet kan startast på nytt frå begynninga.
Om du bruker M02 i eit CNC-program, må operatøren manuelt nullstille maskina før neste køyring. Derfor er det viktig å velje rett stoppkode avhengig av korleis programmet skal brukast vidare.