Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Beltespenna

Fagstoff
Video

Kjemikal for bruk ved anodisering

Sjølve anodiseringsprosessen krev base- og syrebad i tillegg til at du må tilføre straum. Dette høyrest kanskje skummelt ut, men her skal du få informasjon om kva kjemikal du skal nytte.

Film om førebuingar til anodisering (2:34)

Før du startar anodiseringsprosessen, er det viktig å sjekke at du har alt du treng av kjemikal og utstyr. Det ville vore uheldig å komme halvveges og så oppdage at du manglar noko.

I denne videoen viser vi deg korleis du kan gjere deg klar til anodiseringsprosessen.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Nødvendige materiale

Start med eit reint arbeidsbord og finn fram følgande:

  • kaustisk soda

  • svovelsyre

  • avfeittingsmiddel

  • reint vatn

  • fire kjemikalbestandige behaldarar (til dømes glas-matboksar)

  • ei justerbar straumforsyning med kablar og krokodilleklemmer

  • kokeplate

  • beger for forsegling av oksidlaget

  • bøtte og spruteflaske for skyljing mellom kjemikalbada

  • fargestoff viss du vil farge oksidlaget

Når du jobbar med kjemikal, er reinslegheit og nøyaktigheit avgjerande for sikkerheit og konsistens i resultata. Det er viktig å unngå søl, for søl kan føre til svakare syre eller kontaminert fargevatn, noko som kan påverke fargekonsistensen.

Sørg òg for å ha ein stor behaldar med vatn tilgjengeleg for å skylje delane i mellom bada.

Spørsmål

  • Kan du nemne dei viktigaste kjemikala som blir brukte under anodisering, og kva rolle kvart kjemikal har i prosessen?

  • Korleis kan styrken på dei ulike kjemikalbada bli påverka av søl?

Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Helgesen Nordvik.
Sist oppdatert 04.10.2024