Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grunnleggande prinsipp i hydraulikk

Oppgåve
Interaktivt innhald

Hydraulisk anlegg

Som industrimekanikar kan du få mange ulike oppdrag.

I denne oppgåva skal du hjelpe ei bedrift med vedlikehald og reparasjon av eit hydraulisk anlegg. Du skal òg gi bedrifta råd om korleis dei kan forbetre hydraulikkanlegget.

Situasjonsbeskriving

Du er industrimekanikar og arbeider i ei bedrift som utfører tekniske tenester på oppdrag for kundar i ulike bransjar.

Du får i oppdrag å utføre vedlikehald og reparasjon av det hydrauliske anlegget som er montert for å løfte og lukke ei luke i golvet.

Arbeidsoppdraget består av tre deloppdrag, og du får tilleggsinformasjon undervegs i oppdraga.

Du svarer på oppgåva i svarboksen nedst på sida.

Oppdrag 1:

Beskriv korleis du utfører funksjonstesting av og tilstandskontroll på det hydrauliske systemet, og gjer greie for kva helse-, miljø- og sikkerheitstiltak du vil setje i verk i dette oppdraget.

Oppdrag 2:

Under funksjonskontrollen oppdagar du at hydraulikkoljen er misfarga og inneheld partiklar.

Gjer greie for moglege årsaker til at hydraulikkoljen er misfarga og forureina med partiklar, og beskriv kva tiltak du vil setje i verk for å sikre funksjonskravet til anlegget.

Beskriv kva tiltak du kan utføre på hydraulikkanlegget for å forlenge levetida til oljen.

Oppdrag 3:

Under funksjonstestinga oppdagar du at det lek olje frå den eine sylinderen.

Gjer greie for moglege årsaker til lekkasjen, og beskriv moglege problem lekkasjen kan føre til. Foreslå korrigerande tiltak.

Svar på oppgåva her

Svar på oppgåva ved å skrive svarteksten din i tekstboksane som kjem opp på kvar side.

På siste sida kan du skrive ut eit samandrag av svara dine.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 03.07.2023