Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Rakettomn

Fagstoff
Video

Filmsamling: Rakettomn

Å lære å sveise treng ikkje vere vanskeleg! I denne filmserien får du høve til å lage eit praktisk produkt utan at du har sveisa før.

Introduksjon

Ein rakettomn er eit enkelt og nyttig prosjekt. Her kan du prøve deg fram med grunnleggande sveiseteknikkar. I den første filmen (lengde 1:19) får du ein kort presentasjon av arbeidsoppdraget.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Modellering

Før du lagar ein konstruksjon, bør du lage ei teikning du kan produsere etter.

I filmen under (lengde 3:24) viser vi deg korleis du bruker CAD-verktøy til å modellere ein robust og solid omn, med fokus på Autodesk Fusion 360. Du kan overføre trinna til dei fleste CAD-program.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Saging

Skal du lage delar, må du ofte sage. I denne filmen (lengde 2:41) får du vite korleis du bruker ei bandsag til å kappe firkantrøyr nøyaktig og effektivt. Du lærer òg korleis skjerevæske bidreg til eit presist og haldbart resultat.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Plasmaskjering

Vi kan òg skjere metall ved hjelp av luft og straum. I denne filmen (lengde 2:21) viser vi korleis du bruker ein plasmakuttar for å lage nøyaktige utskjeringar i firkantrøyr med fokus på tryggleik, effektivitet og praktisk tilpassing til behovet for prosjektet.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Punktsveising/heftsveising

Viss du skal montere mange delar, er det ikkje alltid formålstenleg å sveise alle skøytane i eitt. Det kan vere lurt å sveise berre små punkt, så du er sikker på at alle delane passar saman.

I filmen under (lengde 2:40) lærer du korleis MAG-sveising blir brukt til å punktsveise omnen, med fokus på grunnleggande oppsett av sveiseutstyr, tilpassing av spenning og kor viktig heftsveising er for vidare arbeid.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Heilsveising

Når du har punkta (punktsveisa) omnen og ser at alle delane passar, er konstruksjonen klar for heilsveising.

Filmen under (lengde 4:10) gir ei grundig innføring i heilsveising av omnen ved hjelp av MAG-sveising, med fokus på korrekt innstilling av spenning, trådmating og bruk av dekkgass for å få ei sterk og jamn sveisefuge.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Reinsing med sveisetong

Etter litt sveising treng utstyret ofte litt vedlikehald for å få godt sveiseresultat. I filmen (lengde 1:18) får du tips og råd om vedlikehald av MAG-sveiseutstyret ditt.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

MAG-sveising: tips og råd

Får du fine sveisar?

I filmen under (lengde 1:44) forklarer vi korleis du kan handtere utfordringar ved MAG-sveising av grove strukturar, slik som denne omnen.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Luftspjeld

Omnen treng eit luftspjeld for å kontrollere lufttilgangen i forbrenninga.

Denne filmen (lengde 1:39) viser korleis du lagar og monterer luftspjeldet for å kontrollere den forbrenninga.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Støttebein

Omnen blir fort varm. Viss han står på eit brennbart underlag, kan det vere risiko for brann også utanfor omnen.

Filmen (lengde 1:22) viser korleis du sveiser støttebein som hevar omnen frå bakken og gjer han trygg å bruke.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Kjelehaldar

Når du først har fått varme i omnen, kan det vere fint å bruke varmen til noko fornuftig. Kan du koke eller steike mat på omnen?

Denne filmen (lengde 1:17) viser korleis du kan lage ein kjelehaldar til koke- eller steikeutstyr.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Mateluke

Slike omnar står utandørs i vêr og vind. Du må lage ei verneluke for å unngå at det regnar inn på veden, eller at vinden forstyrrar forbrenninga.

I denne filmen (lengde 1:39) viser vi korleis du kan lage ei luke til materøyret på omnen. Luka vernar materøyret mot vêr og vind, og gir omnen ei praktisk og sikker forbrenning.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Oskeskuff

Oskeskuffen gjer det enkelt å tømme omnen for oske, og han sørger for god forbrenning. Filmen (lengde 1:38) gir deg tips og råd om korleis du kan lage ein slik skuff.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 12.12.2024