Børsemakarhammar

Design og materialval
Hammeren er eit slagverktøy vi kan bruke til alt frå å slå inn ein spikar til å forme metallplater og losne fastrusta komponentar. Du kan velje kva materiale som skal vere på slagflatene til hammaren, avhengig av kva du skal bruke han til.
Du kan òg velje ulike materiale for handtak, og du kan legge inn ulike designelement. I dette dømet er det lagt inn treverk i handtaket, saman med nokre naglar. Dette kan gi hammaren eit meir eksklusivt preg. Det er òg frest inn spor i handtaket som eit designelement.
Når du skal velje overflatebehandling, kan òg bruksområdet for hammaren spele inn. I dette tilfellet er det valt blånering.
Lag din eigen hammar
Når du skal lage ein slik hammar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.
Det er òg viktig at du har dokumentert sikkerheitsopplæring for dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.
Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Utforming av hammaren
Når du skal lage din eigen hammar, kan du sjølv påverke korleis utforminga skal vere, spesielt viss du vil bruke hammaren til eit spesielt formål.
Skal du bruke hammaren som ein smedhammar, bør han kanskje vere tung og solid, og utforminga er ikkje så nøye. Vil du lage ein hammar du skal bruke til å forme metallplater, skal kanskje kantane vere meir avrunda, og materialet skal kanskje vere noko mjukare enn det materialet du skal slå på, slik at det ikkje oppstår sår og skadar i materialet.
Du kan òg velje materiale ut frå bruksområde og vurdere behov for varmebehandling.
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formata F3D og STEP.
Lykke til!