Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Hydrauliske komponentar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Akkumulatorar

Akkumulatorar er einingar som lagrar hydraulisk energi i form av trykkluft, gass eller ei komprimarbar væske. Dei blir ofte brukte for å jamne ut trykkvariasjonar og absorbere sjokk. Dei kan òg vere ei ekstra kraftkjelde ved behov.

Konstruksjon

Det finst ulike typar akkumulatorar i hydrauliske system, inkludert fjørbelasta, gassbelasta, hydrauliske og elektrokjemiske akkumulatorar. Konstruksjonane varierer, men alle består av ein trykkbehaldar og ei energilagringseining.

Dei vanlegaste akkumulatortypane:

Akkumulatortypar for hydraulikk

Typar

Verkemåte

StempelakkumulatorarDesse akkumulatorane har eit stempel som er sett i ein sylinder og skil gassen frå væska. Når væska blir pumpa inn i sylinderen, beveger stempelet seg oppover og komprimerer gassen på toppen. Det gir lagera energi i form av trykk i væska. Stempelakkumulatorar blir ofte brukte i applikasjonar med høgt trykk og stor kapasitet.
Blæreakkumulatorar

Desse akkumulatorane har ei fleksibel blære som skil væska frå gassen inne i akkumulatoren. Når væske blir pumpa inn i akkumulatoren, blir gassen komprimert og gir trykk som blir lagra i væska. Blæreakkumulatorar er vanlegvis enkle å halde ved like og blir brukte i mange hydrauliske applikasjonar.

MembranakkumulatorarDesse akkumulatorane bruker ein elastisk membran til å skilje væska frå gassen. Når væska blir pumpa inn i akkumulatoren, får det membranen til å bøye seg og komprimere gassen på andre sida. Det gir ein lagra energi i form av trykk i væska. Membranakkumulatorar blir ofte brukte i mindre hydrauliske system.
FjørakkumulatorarDesse akkumulatorane bruker ei komprimert fjør til å lagre og frigjere energi. Når hydraulisk væske strøymer inn i akkumulatoren, blir fjøra komprimert og lagrar energi. Ved behov blir denne energien frigjord for å støtte arbeidet til systemet.
Elektrokjemiske akkumulatorarElektrokjemiske akkumulatorar, som til dømes batteri, bruker kjemiske reaksjonar til å lagre og frigjere energi. Desse er vanlegvis brukte i mindre skala og til spesifikke applikasjonar innan hydrauliske system.

Vi vel akkumulatortype ut frå faktorar som systemtrykk, kapasitet, vedlikehaldskrav og bruksområde.

Bruksområde for akkumulatorar

Akkumulatorar har fleire bruksområde i hydrauliske system. Her er nokre døme:

Bruksområde for akkumulatorar

Bruksområde

Verkemåte

Energilagring og trykkstøtte

Akkumulatorar blir brukte til å lagre energi og levere omgåande trykkstøtte når det er behov for auka kraft eller fart i systemet. Dei hjelper til med å jamne ut trykkspikar, redusere effektopptak frå straumkjelda og redusere slitasje på komponentar.

VibrasjonsdempingVed å absorbere vibrasjonar og støyt bidreg akkumulatorar til å forhindre skadar på systemet og auke levetida til komponentane.
Pulsasjon- og strøymingskontrollAkkumulatorar blir brukte til å regulere pulsasjonar og kontrollere jamn strøyming av hydraulisk væske. Det er spesielt nyttig i applikasjonar som krev nøyaktig rørslekontroll eller trykkstabilitet.

Fordelar og ulemper

Bruk av akkumulatorar i eit hydraulisk anlegg har både fordelar og ulemper.

Fordelar

Energilagring og trykkstøtte

Med akkumulatorar blir lagra energi raskt tilgjengeleg. Det er spesielt viktig i applikasjonar med plutselege behov for auka kraft.

Redusert effektopptak

Akkumulatorar bidreg til å jamne ut effektopptaket frå energikjelda som driv hydraulikkpumpa. Det gir mindre belastning på pumpeeininga.

Vibrasjonsdemping

Ved å absorbere vibrasjonar bidreg akkumulatorar til å redusere belastninga på systemet og forbetre driftssikkerheita.

Ulemper

Volum og vekt

Akkumulatorar tek opp plass og legg til vekt i det hydrauliske systemet. Det kan vere ei ulempe i visse hydraulikksystem.

Vedlikehald og tryggleik

Akkumulatorar krev regelmessig vedlikehald, som inspeksjon av trykknivå og utskifting av tetningar. Det er òg viktig å vere merksam på sikkerheitsaspekt ved handtering av akkumulatorar, spesielt dei som står i anlegg med høgt trykk.

Vi må alltid vurdere behovet for akkumulatorar i eit hydraulisk anlegg. Akkumulatorane gir fordelar som energilagring, trykkstøtte og vibrasjonsdemping. Men det er viktig å kjenne avgrensingane deira, som volum, vekt og nødvendig vedlikehald.

Val av rett akkumulator og nøyaktig design er avgjerande for optimal yting og pålitelegheit i hydrauliske system.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla under for å sjå om du har fått med deg viktige element i teksten.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 04.07.2023