Typiske brot på Ver Varsam-plakaten - Teknologi og produksjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Typiske brot på Ver Varsam-plakaten

Det er særleg to punkt i Ver Varsam-plakaten som toppar brotstatistikken. Desse handlar om retten til å forsvare seg (4.14) og pressa sin kjeldebruk og kontrollen av opplysningar (3.2).

Punkt 4.14 toppar statistikken

Retten til samtidig imøtegåing er eit punkt som har lege på toppen av PFU-statistikken i mange år. I Ver Varsam-plakaten er 4.14 formulert slik:

4.14. De som utsettes for sterke beskyldninger, skal så vidt mulig ha adgang til samtidig imøtegåelse av faktiske opplysninger. Debatt, kritikk og nyhetsformidling må ikke hindres ved at parter ikke er villig til å uttale seg eller medvirke til debatt.

Ingrid Nergården Jortveit, rådgivar i Pressens Faglige Utvalg, forklarer prinsippet om samtidig imøtegåing slik:

– Det betyr at den eller dei som blir utsette for sterke skuldingar av faktisk art, skal få moglegheit til å forsvare seg i same artikkel eller innslag.

Faktisk art betyr at skuldingane må vere etterprøvbare, til dømes påstandar om lovbrot. Det òg er viktig at retten til å forsvare seg blir reell, at den som er angripen, på førehand får vite det konkrete innhaldet i alle skuldingane, og at den som er angripen, får tid på seg til å svare.

– Dersom angrepet kjem i form av meiningar, karakteristikkar og synspunkt som ikkje kan etterprøvast, til dømes karakteristikken "idiot", då er det tilsvarsretten som blir utløyst, punkt 4.15 i Ver Varsam-plakaten. Det betyr at den som er angripen, har rett til å forsvare seg i ettertid.

Døme

Finnmark Dagblad publiserte fredag 29. juli 2016 ein artikkel i papiravisa med framsidetittelen "Skoletopper reiste verden rundt". Vidare hadde framsida dei følgjande undertitlane: "Kjøpte alkohol på fylkeskommunens regning", "Har reist til Toronto, San Francisco, Island, Milano, Danmark, Murmansk, Berlin og London", "Toppsjefer forsynte seg fra minibaren" og "Brukte 371.945,54 kroner på rektormøte".

Tenk deg om

Kvifor trur du denne saka vart klaga inn til PFU? Les behandlinga av saka på sidene til PFU:

Pressens Faglige Utvalg: Finnmark fylkeskommune ved opplæringssjef Lisbeth Sandtrøen mot Finnmark Dagblad

Tvillingpunktet 3.2

– Vi kallar ofte punktet 3.2 for tvillingpunktet til 4.14 fordi dei gjerne heng saman. Viss du ikkje har kontakta den som blir utsett for eit angrep, så har du kanskje ikkje heller kontakta ei av dei viktigaste kjeldene i ei sak, fortel rådgivar i PFU Ingrid Nergården Jortveit.

Punkt 3.2 ligg under kapittelet om journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene i Ver Varsam-plakaten:

3.2. Vær kritisk i valg av kilder, og kontroller at opplysninger som gis, er korrekte. Det er god presseskikk å tilstrebe bredde og relevans i valg av kilder. Vær spesielt aktsom ved behandling av informasjon fra anonyme kilder, informasjon fra kilder som tilbyr eksklusivitet, og informasjon som er gitt fra kilder mot betaling.

Døme

Ei natt i mai 2014 krasja Petter Northug bilen sin i ruspåverka tilstand. Sjå for deg at redaksjonen din seinare fekk moglegheit til å kjøpe eit bilete av Petter Northug på byen før ulykka. Ville du ha publisert eit slikt bilete?

TV 2 valde å publisere biletet fordi

  • dei meinte tilstanden til Northug i timane før bilkrasjet var relevant for dekninga av saka
  • dei meinte Northug måtte ta innover seg at han er eit førebilete og ein offentleg person
  • dei hadde i fleire veker fått tips om utagerande framferd av Northug

VG valde å ikkje publisere biletet fordi

  • dei var usikre på kjelda som ville selje biletet
  • dei var usikre på om det var teke riktig kveld
  • dei syntest det var i overkant "paparazzi"

Tenk deg om

Kven er du mest einig med, TV 2 eller VG?

Tenk gjennom svaret ditt sett i lys av det du veit om punkt 3.2 i Ver Varsam-plakaten.

PFU og initiativretten

I PFUs vedtekter § 4 står det at generalsekretæren på eige initiativ kan be utvalet behandle saker av stor prinsipiell interesse. Slik var det med den såkalla Lommedalen-saka.

Nyttårsaftan i 2015 døydde ei jente av avmagring på ei hytte i Valdres. Media var raske med å fastslå at jenta vart mobba på skulen i Lommedalen og formidla påstandar om at mobbinga hadde ført til eteforstyrringane som seinare tok livet av jenta. PFU meiner fleire medium braut god presseskikk i omtale av denne saka.

I videoklippet fortel Ingrid Nergården Jortveit, rådgivar i PFU, om korleis initiativretten vart brukt i Lommedals-saka. Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Tips

Ei samla oversikt over kva punkt som blir klaga inn, finn du på nettsidene til PFU:

Pressens Faglige Utvalg: Statistikk

Kjelde

Pressens Faglige Utvalg (u.å.). Vær Varsom-plakaten. Henta 17. mars 2021 frå https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021