Tips frå ein UX-designar

Tips 1: Konsekvent design
Brukarane vil gjerne at det skal vere føreseieleg kvar dei hamnar når dei navigerer seg gjennom appar eller nettsider.
Viktige element som gjentek seg over fleire sider, bør derfor ha uttrykk som liknar, og helst bør dei ha den same plasseringa. Konsekvent design er god design og skaper gode brukaropplevingar. Det er viktig å tenke på.
Tips 2: Knappar og lenker
Knappar og lenker har ein klar funksjon. Gjer desse så tydelege som mogleg. Brukarane skal aldri tvile på kvar dei kan eller ikkje kan trykke på ein skjerm.
Med små skjermar, som smarttelefonar har, er det òg lurt å tenke gjennom kor stort område rundt knappane som bør vere trykkbart.
Tips 3: Universell utforming
Det er lovpålagt å gjere nettsider og appar tilgjengelege for alle. Som designar er det greitt at du tidleg lærer å rette deg etter gjeldande regelverk. Det kan bli ganske kostbart elles.
God lesbarheit, god kontrast mellom bakgrunn og framgrunn og tydelege lenker som beskriv kvar du blir lenka vidare, er noko av det du bør tenke på. Les gjerne meir om dette på nettsidene til Tilsynet for universell utforming av ikt.
Tips 4: Testing
Det er ekstremt nyttig å teste det ein har laga, mot reelle brukarar. I dag finst det digitale tenester som gir deg moglegheit til å teste produkta dine mot reelle folk, til ein låg sum. Bilstad meiner at all testing er betre enn ingenting. Mor, far, søsken eller vener kan vere ei moglegheit dersom ein ikkje har ressursar til å bruke slike tenester, til dømes.
Tips 5: Samla innhald og luft
I designsamanheng blir ofte område utan innhald karakterisert som "luft". Ein vanleg feil dei fleste gjer i starten, er å ha alt for mange element i produkta sine. Ifølge Bilstad bør du aldri undervurdere luft i designvala dine. Hugs å ha god plass mellom dei ulike elementa, og behald berre det mest naudsynte.
Har du behov for å ha mykje informasjon på ei eller fleire av sidene, bør du gruppere innhaldet som enkeltmodular med god luft imellom. Her kan det òg vere lurt å tenke hierarki på informasjonen. Det viktigaste skal vere først og størst. Alt anna er berre i vegen for godt design!
Nyttige ressursar for UX-designarar
Undersøk kontrastnivået og sjekk om du held deg innanfor WCAG-krav om kontrastnivå med Contrast-ratio.
Hotjar lar deg undersøke korleis brukaren navigerer på nettsida di.
Sjekk om ei nettside oppfyller krava om universell utforming med Siteimprove.
Meir om UX-designaren Christian Kjelland Bilstad

Christian Bilstad er ein allsidig interaksjonsdesignar med prosess- og UI-design som kjernekunnskap. Han interesserer seg òg for frontend-utvikling. Han jobbar kvar dag for å skape gode brukaropplevingar på digitale flater med intuitive brukargrensesnitt som engasjerer og presterer.
Sjå døme på arbeidsoppdrag på nettsida til Bilstad.