Slik lagar du ein radioreportasje

Målgruppe, fokus og bodskap
Du må vite kven du lagar saka for, kva du skal fokusere på, og kva du ønskjer å formidle. Spesielt er det viktig å vere klar over målgruppa når du lagar ein radioreportasje. Dess yngre målgruppa er, dess meir bruk av effektlydar, bakgrunnsmusikk og kontentum kan du tillate deg. Dess eldre målgruppa er, dess rolegare tempo og mindre «støy» bør du ha i saka di.
- I presentasjon med lyd er stemma mange gonger den viktigaste nøkkelen til suksess.
- Musikk bruker vi i hovudsak til å skape stemningar.
- Miljølydar fortel oss kvar vi er, til dømes på kafé, i skogen eller langs vegen.
- Lydeffektar som latter, slag, skot og hjartebank hjelper oss med å fortelje historia.
- Stille kan brukast for å lage ein pause, gå frå eitt tema til eit anna, markere ein slutt eller skape spenning.
Tydeleg tale
I radioreportasjar er det ekstremt viktig å vere tydeleg. Radiostemmer og -lydar fyk forbi lyttarane, som berre får éi moglegheit til å forstå det som blir sagt. Det er ikkje som i ei avis der ein kan lese ein artikkel om att om ein lurer på noko. For at lyttarane skal få med seg innhaldet i radioreportasjar, må ein derfor snakke svært tydeleg. I tillegg må sakene vinklast heilt klart og ha berre éin hovudbodskap.
Oppbygning
Mens nyheitssaker i radio stort sett går rett på sak, er ein reportasje gjerne bygd opp litt annleis.
Introduksjon
Først kjem det ein introduksjon (eller intro som det heiter på «fagspråket») som programleiaren les. Introduksjonen er gjerne skriven av reporteren som lagar sjølve reportasjen. Han svarer til overskrifta og ingressen i ei avissak. Her får lyttaren vite kva saka handlar om.
Anslag
Sjølve reportasjen startar med eit anslag som skal vekkje førekunnskapane til lyttarane. Anslaget kan vere musikk, ei spennande utsegn frå eit intervjuobjekt eller ein effektlyd.
Hovuddel
Etter anslaget blir det gjerne fortalt ei historie, der målet er å halde på lyttarane gjennom heile saka.
Avrunding og utroduksjon
Reportasjen blir vanlegvis avrunda slik han starta, med musikk, ein effektlyd eller ei utsegn. Heilt til sist avsluttar programleiaren saka med ein utroduksjon (utro på fagsjargongen) der namnet på reporteren blir nemnt. Utroduksjonen svarer til byline i ei avis.
Døme
Lytt til innslaget nedanfor.
- Kor mange lydformer er brukte i dette innslaget?
- Kva verkemiddel er brukte?
Radioreportasje om Berlinmuren 1989
Tekstversjon
Intro (studiovert): Vi skal først til Berlin, der fleire tusen austtyskarar altså strøymde fram og tilbake gjennom grenseovergangane i muren etter at dei vart opna i natt. No i dag tidleg seier styresmaktene i DDR at alle som ber om det, skal få pass og visa raskt, slik at trafikken over grensa ikkje blir heilt ukontrollert. Vi skal til ein av grenseovergangane i Berlin i natt.
(Lydklipp reallyd: Ei menneskemengde roper taktfast.
Reporter: Opp med porten. Opp med porten, ropte menneskemengda til dei austtyske grensevaktene her i Aust-Berlin i natt. Hundrevis av menneske strøymer like før midnatt til grenseovergangen i Bornholmer Strasse, som er ein av dei åtte grenseovergangane mellom Aust- og Vest-Berlin. Vi kjem over, vi kjem over, ropte menneskemengda her i aust då det gjekk opp for dei at grensa var opna for vanleg ferdsel. Alle som ville, kunne i natt gå fram og tilbake over sektorgrensa mellom Aust- og Vest-Berlin. Det var som folk ikkje trudde at det var sant etter 28 år bak piggtråd og ein mur som har delt Berlin i to. "Eg har ikkje vore i Vest-Berlin ein einaste gong på 28 år", sa ei eldre smilande kvinne. "Det er ein utenkeleg dag. Vi kan ikkje tenke. Vi vil bli i Aust-Berlin, men no vil vi sjå om det er sant. Vi har sett at muren vart bygd. No opplever vi at han fell", sa tre eldre kvinner som Dagsnytt snakka med i natt. Etter at det som er kalla "skammens mur", vart bygd for 28 år sidan, vart han med eitt slag overflødig i natt.
(Lydklipp reallyd: Ei menneskemengde roper taktfast.)
Studiovert (utro): Og det var Jon Røssum som rapporterte frå Aust-Berlin. I Vest-Tyskland førebur styresmaktene seg på ei ny bølgje av austtyskarar som venteleg kjem etter at grensene no er opna. Den historiske avgjerda i Aust-Berlin vart helsa med klappsalver i den vesttyske Forbundsdagen i Bonn i går kveld. Sosialdemokratane sin leiar Hans-Jochen Vogel såg seg 28 år tilbake.
(Lydklipp reallyd: Hans-Jochen Vogel taler i Forbundsdagen på tysk.)
Reporter: Blikket mitt går akkurat no til Willy Brandt, som var regjerande borgarmeister i Vest-Berlin 13. august 1961 då dette umenneskelege byggverket, muren, vart reist, sa Vogel til applaus. På benken i Forbundsdagen sat ein rørt Willy Brandt som vart omfamna av gråtande kollegaer. Forbundsdagen avbraut det ordinære møtet sitt og gjekk over til ein ekstraordinær sesjon. Her vart behovet for solidaritet med det austtyske folket framheva. Utover kvelden og natta heldt vesttysk fjernsyn fram med direktesendingar frå ulike grensepasseringar der dei første austtyskarane kom over, etter at nyheita om dei opne grensene hadde blitt kjende. Nokre av austtyskarane hadde sloppe igjennom utan pass og visum. Dei austtyske identitetskorta deira hadde vore tilstrekkelege. I Vest-Tyskland er det eit klart medvit om det historiske i situasjonen. Dette kan vere byrjinga på at piggtråden, landminene, soldatane, hundane og ikkje minst det mest forhatte symbolet på den kalde krigen, Berlinmuren, blir fjerna. Det ligg ikkje føre nokon planar om å gjere dette straks, men desse fysiske hindringane blir meiningslause viss folk fritt skal få passere dei. Medaljen har likevel ei alvorleg bakside. Viss dei austtyske styresmaktene ikkje snart gjennomfører politiske reformer som folket trur på, kan så mange som ein million austtyskarar strøyme inn i Vest-Tyskland. Sjølv om innanriksdepartementet i Bonn lover at ingen skal sendast tilbake, er det klart at ein står overfor gigantiske problem. Først skal dei nykomne husast. Allereie det er blitt vanskeleg. Så skal dei inn i hus av meir permanent karakter i eit land der bustadmangelen er stor frå før, og dei skal konkurrere med nærare to millionar arbeidslause vesttyskarar om dei ledige jobbane. Vest-Tyskland er derfor innstilt på å gi massiv økonomisk hjelp til DDR viss frie val under eit fleirpartisystem blir innførte. Spørsmålet er om den nye leiinga i Aust-Tyskland har noko alternativ til det lenger.
Studiovert (utro): Det sa reporter Gunnar Høidahl.
