Sjå filmer om å lage podkast
Sjå filmen Kva er ein podkast? (lengde 1:25)
Oppsummering: Pratepoddar og historieforteljande podkastar
Podkastar blir delte inn i pratepoddar og historieforteljande podkastar. I ein pratepod sit personar i eit studio og snakkar med kvarandre. I ein historieforteljande podkast blir det gjort intervju, og det blir lagt på lydeffektar og musikk i ettertid i redigeringa.
Ein radiodokumentar blir spelt av på radioen, og det kan vere bakgrunnsstøy for den som lyttar. Lyttaren kan òg skru på radioen midt i programmet og ikkje få med seg heile dokumentaren.
Postkastar blir lasta ned og blir ofte lytta til med høyretelefonar, noko som kan gi ei meir intim lyttaroppleving. I tillegg blir ofte podkasten lytta til frå start til slutt.
Sjå filmen Forteljeteknikk i podkast (lengde 2:45)
Oppsummering: Fortelleteknikker i historiefortellende podkast
Når vi berre har lyd å spele på, må lyden vere god, og det som blir sagt, må vere bra.
Still spørsmåla på ein måte som gjer det mogleg å sjå for seg det som det blir snakka om og still oppfølgingsspørsmål. Viss intervjuobjektet fortel i presens (notid) i staden for fortid, kan det gi meir nærvær og nærleik.
Prøv å lage lydbilete slik at lyttaren kan sjå det for seg.
Sjå filmen Korleis planlegge ein podkast? (lengde 5:52)
Oppsummering: Tips til historieforteljande podkast
Ta kontakt med moglege kjelder, og finn ut om dei kan stille i podkasten. Viss du er nysgjerrig på noko, vil andre òg kunne vere nysgjerrige på det.
Gjer research og set opp namnet på alle som er involverte i historia, i eit dokument. Kontakt dei.
Du kan starte med å be intervjuobjektet fortelje om hendinga frå a til å. Prøv å gjere hendingane til konkrete bilete, slik at lyttaren ser dei for seg. Når du jobbar med lyd, må du fortelje på ein sånn måte at det er mogleg å sjå for seg det som det blir snakka om.
Sjå filmen Opptak og etterarbeid til ein podkast (lengde 1:25)
Oppsummering: Bruk av mikrofon og verkemiddel
Det er viktig å halde mikrofonen nær munnen til den som snakkar, for å få god lyd.
Finn ut kva som er interessant i ei historie, og kva du sjølv lurer på.
Du kan leggje på lydeffektar eller musikk slik at lyttaren kan skape bilete av det som skjer. Til dømes kan du leggje på skoglydar slik at lyttaren ser for seg ein skog.