Oppgåve
Samanlikning av Supernytt og Dagsrevyen
Bli kjend med korleis journalistar jobbar inn mot ulike målgrupper gjennom å undersøke to ulike nyheitsprogram på NRK.

Nyheitsankera Ingvild Bryn og Jon Gelius i studioet til Dagsrevyen
1. Samanlikning
Gå til Supernytt og Dagsrevyen og undersøk programma.
- Kven er målgruppa for sendingane?
- Kor lange er sendingane?
- Korleis blir sakene introduserte i dei ulike sendingane?
Sei noko om verkemidla som blir brukte i dei ulike sendingane. Her kan du studere til dømes bruk av effektar, grafikk, lyd og musikk i innhaldet som blir presentert.
2. Gå i djupna på Supernytt
- Kva er temaa for sakene på Supernytt?
- Kva intervjuobjekt finn du i sakene?
- Trur du Supernytt treffer målgruppa si med denne sendinga?
3. Gå i djupna på Dagsrevyen
- Kva er temaa for sakene på Dagsrevyen?
- Kva intervjuobjekt finn du i sakene?
- Trur du Dagsrevyen treffer målgruppa si?

Supernytt-programleiar Benedicte Bendiksen