Roswell Enterprises - Teknologi og produksjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Roswell Enterprises

Vi møter William og Christian, to nyutdanna økonomar som skal på jobbintervju hos same selskap. Begge to har svært imponerande CV-ar. Den norske kortfilmen frå 2005 er regissert av Janic F. Heen.

Handling

Før intervjuet møtest dei to konkurrentane på toalettet. Berre nokre minutt før intervjuet skal starte, kjem dei over eit anna menneske på toalettet som treng hjelp.

Plutseleg står dei begge to overfor eit vanskeleg moralsk val. Kor langt er dei villige til å gå for å få jobben, og kva for eigne verdiar må dei oversjå på vegen dit?

Moralsk kompass

Vi lever i ei tid der utdanning, jobb og akademiske titlar blir sett på som kriterium for å oppnå suksess og lykke. Det er for mange viktig å få eit såkalla statusyrke – eit yrke som anten gir god løn, eller som ein treng mykje kunnskap og høg utdanning for å få.

Roswell Enterprises stiller spørsmål ved kor langt enkeltpersonar er villige til å gå for å oppnå karriere, merittar og makt. Den viser også at du lett kan "miste deg sjølv" i jakta etter prestisje og den anerkjente jobbtittelen.

Relatert innhald

Skrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020