Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Teknisk utstyr, oppkopling og kommunikasjon

Kva utstyr treng de å rigge opp, og korleis førebur de god kommunikasjon i produksjonen av ei tv-sending? I denne artikkelen finn de gode råd og dokument til nedlasting.

Kommunikasjon, tillit og respekt i tv-teamet

I tv-teamet har alle ein klar funksjon. Leiarfunksjonane tek avgjerdene, mens produksjonsfunksjonane for bilete og lyd utfører avgjerdene. Dersom du er leiar, må teamet kunne stole på at du tek dei rette avgjerdene. Er du kameraoperatør, må teamet kunne stole på at du utfører funksjonen som planlagt.

God kommunikasjon betyr kvalitet på sluttproduktet

I gode produksjonsprosessar har de tillit til kvarandre og effektiv kommunikasjon de imellom. Korte møte, raske beskjedar og klare kommandolinjer bidreg til god gjennomføring og sikrar kvaliteten på ei tv-sending.

Interkom til kommunikasjon under sending

Rutinar for og øvingar i å bruke interkom er viktig for at du og tv-teamet skal bli gode på å jobbe saman. Under oppriggen går produksjonsleiinga rundt og kommuniserer med dei ulike funksjonane i tv-teamet. Det sikrar at oppriggen går som planlagt.

I kommunikasjonen før og under avvikling av sending er teamet derimot avhengig av å bruke trådlaus interkom. Alle nøkkelfunksjonar må ha hovudtelefonar med mikrofon.

  • Før sending er det produksjonsleiar og TOM som gir og får beskjedar.

  • Under sending er det produsent og biletregissør som leier kommandokommunikasjonen.

Word-dokument: Døme på kommandoar for biletregi under sending

Det tekniske utstyret

Utstyr som blir brukt på skular og i bedrifter, kan vere svært ulikt. Grovt sett snakkar vi likevel om to typar system:

  1. kabla oppkopling

  2. trådlaus oppkopling

Kabla oppkopling

Kabla oppkopling vil seie at det trengst ein kabel for kvar kamera- og lydopptakeining.

For biletsignala er det vanleg å kombinere HDMI og SDI, for HDMI-signala via CAT-kabel har berre rekkevidde på femten meter. Ved å skøyte på HDMI-kablane frå kameraa til SDI-coax-kablar via ein omformar (converter) forlenger du rekkevidda til hundre meter.

Kabla oppkopling krev at du legg kablane for bilete og lyd i samla strekk i kabelgater for å unngå rot og at nokon kjem borti og bryt signalsambanda.

Pdf: Kabla kopling til tre kamera og lyd

Trådløs oppkopling

Trådlaus oppkopling vil seie at både bilete og lyd er lagt opp trådlaust utan lange kabelstrekk.

Bilet- og lydsignala blir overførte via trådlaus HDMI. På kvart kamera, mikrofon eller mygg er det ein sendar som sendar til ein mottakar på bilet- og lydmiksaren. Dei trådlause signala blir overførte via ein spesiell radiofrekvens for kvart kamera og kvar mikrofon.

Fordelen med trådlaus HDMI er at det blir færre kablar å halde styr på. Ein annan fordel er at rekkevidda er på cirka hundre meter. Utfordringa er at signala kan hindrast av murvegger.

Pdf: Trådlaus kopling til bilete og lyd

TOM har ansvaret for sikker signalgang

Dersom du har funksjonen TOM (technical operations manager), har du ansvar for å lage og føre lister over alt utstyret som trengst til produksjonen, under oppriggen. Du har òg ansvaret for å sikre at alle signal fungerer som dei skal, når oppriggen er utført. Du er ein del av produksjonsleiinga og må sørge for at alle under deg – kameraoperatørar (videofotografar) og lyd- og lysteknikarar – utfører funksjonane sine.

Tekniske feil

TOM må òg ta høgde for at det skjer tekniske feil. Du og tv-teamet har øvd på gode rutinar for feilsøk, og ved å bruke utstyrslistene og kabelskjemaa skal det vere mogleg å finne feila raskt. Det kan vere at det er ei laus kabelkopling, ein defekt kabel eller ein feil på eit kamera eller ein mikrofon.

Det er kameraoperatørane og lydteknikarane som rettar feilen, men det er TOM som tek avgjerda om korleis feilen skal rettast.

Nyttige dokument for bruk i fleirkameraproduksjon

Word-dokument: Døme på sjekktabell for utstyr til fleirkameraproduksjon

Word-dokument: Teknisk ordliste for fleirkameraproduksjon

Skrive av Dagfinn Tvedt.
Sist oppdatert 23.10.2024