Fagstoff
Køyreplan for direktesending
Ein køyreplan viser kva som skal skje og når det skal skje undervegs i eit direkte lydopptak.

Lag køyreplan
Ein køyreplan er ei oversikt over dei innslaga som skal vere med i sendinga, og korleis desse skal bindast saman med mellomstikk og musikk. Du bruker ofte korte musikk-klipp eller lydeffektar (jinglar) mellom innslaga. Lag gjerne dine eigne jinglar. Dei vil skape liv i sendinga.
Førebu alle innslaga på førehand. Skriv ned mellomstikk og legg inn jinglar og musikkinnslaga som skal vere med i sendinga. Dette gjer du på datamaskina di før sendinga tek til.
Bruk eit skjema som det under når du lagar køyreplan for sendinga di:
- Køyreplan Radio Loland(XLSX)