Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Korleis blir eit radioprogram til?

Eit tre timar langt live musikkmagasin på radio med gjester er krevjande. Research og klargjering av studio er viktig før sending, og under gjennomføringa må konsentrasjonen ligge på køyreplanen, men du må òg kunne takle uventa hendingar.

Kva innhald har Popsalongen?

Popsalongen er eit musikkmagasin som gjekk dagleg på NRK P3. Programmet var eit tre timar langt radioprogram som handla om popkultur. P3 er NRKs musikkanal, og målgruppa er primært ungdom. P3 har hovudfokus på populærmusikk, humor og nyheiter. I videoen under (lengde 1:03) fortel programleiar Siri Knudsen litt om Popsalongen.

Video: Kristin Eriksen Vold, Thomas Nupen / CC BY-SA 4.0

Før sending

Ein stor del av arbeidsdagen til ein radiomedarbeidar går føre seg før sending. I videoen under (lengde 2:38) får vi høyre at Siri allereie har fire timar bak seg med research og utarbeiding av køyreplan når Popsalongen går på lufta kl. 13.

Video: Kristin Eriksen Vold, Thomas Nupen / CC BY-SA 4.0

Dei to første timane går med til å sjekke norske og utanlandske musikknettstader på jakt etter aktuelle nyheiter. I tillegg førebur programleiaren seg til intervjuet med dagens gjest.

Lydteknikk

Lydteknikar Helgar Torgvær gjer klar mikrofonar og instrument til musikarar som skal spele live i studio. Som vist i videoen under (lengde 1:28) sørger han òg for at alle linjer mellom miksebord og studio er kopla opp. Sidan artistane dukkar opp undervegs i programmet, må lydsjekken ofte gjerast i plateavspelingspausane.

Video: Kristin Eriksen Vold / CC BY-SA 4.0

Køyreplan

Før programmet går på lufta, blir det laga ein køyreplan. Køyreplanen viser kva innslag som skal vere med i programmet, kor lenge kvart innslag varer, og kva lydkjelder som skal brukast. Lydmiksaren legg dei ferdiglaga lydklippa klare på harddisken.

Sidan Popsalongen er eit musikkprogram, får programleiaren ein halvferdig køyreplan frå musikkavdelinga, der musikkinnslaga allereie er lagde inn. Jobben til programleiaren er då å legge inn studiostikk mellom musikkinnslaga.

Eit studiostikk er ein monolog eller dialog som bind dei ulike innhaldselementa i programmet saman. Dersom programleiaren har invitert ein gjest i studio, må dette innslaget òg inn i køyreplanen.

Rollefordeling

I videoen under (lengde 1:41) snakkar Siri om rollefordeling mellom dei involverte i Popsalongen.

Video: Kristin Eriksen Vold, Thomas Nupen / CC BY-SA 4.0

I studio

Utfordringa for programleiaren i Popsalongen er å snakke seg gjennom ei tre timar lang direktesending utan å miste fokus. Som Siri snakkar om i videoen under (lengde 2:09), er det viktig å vere glad i å snakke og vere genuint interessert i det temaet programmet handlar om.

Video: Kristin Eriksen Vold / CC BY-SA 4.0

Om å halde fokus og å snu rundt på planar

Sjølv om sendinga er godt planlagd, er det viktig å kunne snu seg kjapt dersom noko uventa skulle dukke opp, som vi får høyre i videoen under (lengde 2:43).

Video: Kristin Eriksen Vold, Thomas Nupen / CC BY-SA 4.0

Lydmiks

Videoen under (lengde 1:59) viser korleis lydmiksaren Andreas Øverland styrer programavviklinga og sørger for at alle lydinnslag går på lufta når dei skal. I andre radiokanalar hender det at programleiaren òg har ansvaret for denne jobben.

Video: Kristin Eriksen Vold, Thomas Nupen / CC BY-SA 4.0

Kontakt med lyttarane

I videoen under (lengde 2:36) snakkar Siri om at kontakt med lyttarane er viktig. Programleiaren får ein straum av SMS-meldingar mens programmet går føre seg. Nokre lyttarar får tilbakemelding direkte på lufta, andre får svar via tekstmelding. Fortløpande kommunikasjon med lyttarane er vanleg i direktesend radio.

Video: Kristin Eriksen Vold, Thomas Nupen / CC BY-SA 4.0

Korleis få jobb i radio?

Siri kjem med nokre råd i videoen under (lengde 2:01) til kva som kan vere lurt å gjere om ein ønsker å få jobb i radio.

Video: Kristin Eriksen Vold, Thomas Nupen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Thomas Nupen og Kristin Eriksen Vold.
Sist oppdatert 18.12.2017