Målgrupper og målgruppetenking
Kva er ei målgruppe?
Menneske med ulik bakgrunn, gruppetilhøyrsel og interesser vel, forstår og tolkar medieuttrykk på ulike måtar. Personlegdom, alder, nasjonalitet, sosial og geografisk tilhøyrsel og sivil status er nokre slike ulikskapar som kan bidra til at vi føretrekker ulike medieuttrykk og forstår dei ulikt. Interesser og livsstil kan òg ha noko å seie.
I mediekommunikasjon bruker vi derfor ofte kriterium som alder, interesse, yrke eller bustad til å definere den målgruppa vi primært vender oss til.

Lag personaer
Sjå for deg ein oppdikta person som er ein typisk representant for målgruppa. Så beskriv du hen og listar opp eigenskapar som du tenker personar som tilhøyrer målgruppa, har. Ein slik oppdikta person kallar vi ein persona.
Studer personaen Fornuftige Frida
Ungt Entreprenørskap har laga eit døme på ein persona:
Ungt Entreprenørskap: Fornuftige Frida
Kva for nokre demografiske opplysningar er lagde til personaen?
Korleis blir personlegdomstypen beskriven?
Tilpass medieuttrykket til målgruppa
Profesjonelt arbeid med kommunikasjon og produksjon av medieuttrykk er ressurskrevjande. Det tek tid, og det er dessutan stor konkurranse om merksemda til mottakarane.
Start med å klargjere kva personar eller grupper du først og fremst ønsker at bodskapen din skal nå ut til. Deretter lagar du ei skisse til utforming som du trur vil bidra til at bodskapen blir forstått på rett måte av dei det gjeld.
Målgruppetenking i underhaldning
NRK vender seg til heile befolkninga i Noreg, men kanalar og program rettar seg mot spesifikke målgrupper. Underhaldningsprogram som blir sende fredag og laurdag kveld, har ofte "familien" som målgruppe. NRK Super er for barn mellom 2 og 12 år. Målgruppa for radiokanalen P2 er lyttarar med interesse for nyheiter, kultur og samfunnsdebatt. P3 er retta mot unge under 30, mens P1+ vender seg til lyttarar over 60.
Medieplattformer bruker algoritmar til å skreddarsy innhaldslister. Netflix distribuerer underhaldning til sjåarar over heile verda, men oppfordringane er personaliserte ut frå informasjonen selskapet veit om deg og brukarvanane dine.
Målgruppetenking i journalistikk
Lokalaviser har geografiske nedslagsfelt. Regionavisa Sunnmørsposten rettar seg mot dei som bur på Sunnmøre, eller er interesserte i det som skjer der. Aftenposten er eit døme på ei landsdekkande avis som har heile Noreg som målgruppe. Journalistikk kan òg ha ein ideologisk eller religiøs profil. Målgruppa for avisa Dagen er personar med eit konservativt kristent livssyn.
Vanlege reportasjar er kompliserte og vanskelege å forstå for ein niåring. Aftenposten Junior og NRK Supernytt er døme på journalistikk for barn i alderen seks–tolv år. Her blir saker forklarte med eit enklare språk.
Prøv sjølv
Skriv ei kort nyheitsmelding for Aftenposten Junior.
Målgruppa til Aftenposten Junior er barn i alderen seks–tolv år.
Ta utgangspunkt i ei av dei siste nyheitene til NRK/Urix.
Målgruppetenking i offentleg informasjon
Alle i Noreg har rett til å ta del i informasjon frå offentlege organ. Ofte er det vanskeleg fordi innhaldet er komplisert. Dei som jobbar med offentleg informasjon, må derfor bruke klarspråk. Klarspråk er kommunikasjon som er klar, korrekt og tilpassa mottakarane.
Ikkje alle som bur i Noreg, meistrar norsk. Viktig offentleg informasjon må derfor ta omsyn til ulike språkgrupper. Folkehelseinstituttet formidlar til dømes informasjon både på norsk, engelsk, ukrainsk og russisk. Under koronapandemien publiserte NRK informasjonsvideoar på arabisk, kurdisk, pashto og urdu.
Andre har nedsett funksjonsevne. Dei har same rett til informasjon som alle andre. Informasjon frå offentlege organ er derfor underlagde krav til universell utforming. Ein informasjonsvideo bør til dømes vere synstolka slik at blinde og svaksynte kan få med seg innhaldet.
Øv deg på klarspråk
Du skal informere elevar i tiandeklasse om fråværsreglane på vidaregåande. Skriv eit utkast til ein kort informasjonstekst.
Kva omsyn må du ta når du skriv for denne målgruppa?
Sjekk teksten din på nettsida Klarspråkshjelpen.
Kva tips fekk du til eit klarare språk?

Målgruppetenking i marknadskommunikasjon
I marknadskommunikasjon og politisk kommunikasjon skal bodskapen overtyde og påverke mottakaren, anten det dreier seg om å kjøpe eit produkt eller å skifte meining.
Om reklamefilmen ikkje har ei historie eller ein bodskap som treffer målgruppa, blir det ikkje fart i salet. Du må vekke interesse så bodskapen blir forstått og mottakaren får lyst til kjøpe produktet eller endre haldning.
Korleis påverke barn og unge?
Du skal marknadsføre eit nytt kosttilskot i sosiale medium. Målgruppa di er jenter og gutar i alderen 16–17 år.
Korleis ville du gå fram for å nå fram til denne målgruppa og få dei til å kjøpe produktet?
Få innspel frå denne rapporten:
Medietilsynet: Barn og unges eksponering for reklame på nett og deres forhold til influensere