Funksjonar i eit fleirkamerateam

1. Fordel ansvarsområde
Del klassen i tre grupper med fem–seks elevar i kvar gruppe.
Kvar gruppe får tildelt eitt ansvarsområde:
produksjonsleiing
biletfunksjonar
lydfunksjonar
2. Sett dykk funksjonar og arbeidsinstruksar
Alle elevar skal forstå kva arbeidsoppgåver, funksjonar og ansvarsområde som må dekkast opp, for å kunne produsere ei tv-sending. Kvar gruppe jobbar først med funksjonar og arbeidsinstruksar på sitt ansvarsområde.
Skaff dykk oversikt over funksjonar og arbeidsinstruksar for ansvarsområdet til gruppa.
Fordel funksjonar på gruppemedlemmene.
Kvar elev set seg inn arbeidsinstruksane som høyrer til funksjonen.
3. Del med klassen
Informasjonsdeling mellom gruppene er svært viktig fordi det gir alle elevane innsikt i funksjonane i heile tv-teamet.
Kvar gruppe lagar ein kort presentasjon over funksjonane i si gruppe og viser denne for dei andre gruppene.
Diskuter korleis de best samarbeider for å få til ei god tv-sending.
Funksjonar
Gruppe A: produksjonsleiing
produsent
produksjonsleiar
biletregissør
TOM – technical operations manager (teknisk leiar)
innspelingsleiar
skript
Gruppe B: biletfunksjonar
kameraoperatørar (tv-videofotografar)
TOM-assistentar, bilete
Gruppe C: lyd- og lysfunksjonar
lydteknikarar
TOM-assistentar, lyd
lysteknikar



