Eksponeringsøving
Dersom skulen har eitt eller fleire spegelreflekskamera, kan ein gjerne bruke desse undervegs for å prøve ut samanhengen mellom lukkar, blendar og ISO i praksis. Du kan òg prøve ut kamerasimulatoren (NDLA).
Oppgåve 1

Du fotograferer dette motivet med blendarverdi 5,6.
- Korleis stiller du inn kameraet for å få mindre djubdeskarpleik i biletet?
- Kva for faktorar, i tillegg til blendaropninga, styrer djubdeskarpleiken i bileta?
Oppgåve 2

Du fotograferer dette motivet med ei lukkartid på 1/4 sekund.
Fotografer motivet med lengre lukkartid. Kva skjer med motivet, og kvifor skjer det?
Oppgåve 3

Du fotograferte dette motivet med blendarverdi 16, lukkartid 1/1000 sekund og ISO-verdi 100, og motivet blir for mørkt.
Korleis vil du stille inn kameraet for å få motivet lysare?
Oppgåve 4

Du fotograferer dette motivet med blendarverdi 2, lukkartid 1/125 sekund og ISO-verdi 400.
- Korleis vil du stille inn kameraet for å få motivet mørkare?
- Den store blendaropninga (blendar 2) gir veldig lite djubdeskarpleik i motivet. Korleis kan du stille inn kameraet for å få større djubdeskarpleik?
Fasit eksponeringsøving
Relatert innhald
Om innstilling av lukkaren og effekten av kort og lang lukkartid.